Jakob blei i helga den yngste i historia som sprang ei engelsk mil på under fire minutt. Snart får han sjansen til å gjere det enno betre.
– Ja, under Bislett Games 15. juni skal han springe drøymemila for U20-løparar. Der bør han ha ganske gode sjansar, seier friidrettsforbundets sportssjef Håvard Tjørhom til NRK.
Han seier at NFIF vil satse på Jakob i tida framover. Også i den nærmaste framtida er det Gjert Ingebrigtsen som skal ha ansvaret for oppfølginga av sonen på vegne av forbundet, slik han har hatt hittil.
Dagleg kontakt med Gjert
Gjert Ingebrigtsen har kontrakt med friidrettsforbundet, og han og Tjørhom held nesten dagleg kontakt om dei tre løparbrørne.
– Vi diskuterer også ofte Jakob og følgjer med på utviklinga hans. Vi vil legge til rette for at Gjert kan bruke noko av tida si som trenar for gutane, seier Tjørhom. Storebrørne Henrik og Filip er allereie med på elitelaget. Der er ikkje Jakob enno.
– Jakob har eit utviklingsstipend frå Olympiatoppen, og det blir forvalta gjennom forbundet. Det blir brukt på treningssamlingar og slikt. Jakob er absolutt ein av dei utøvarane vi ønskjer å satse på framover, seier Håvard Tjørhom.
Han seier at Jakobs engelske mil er ein stor prestasjon, men han er slett ikkje overraska.
– Vi såg det i terrengløps-EM i fjor då han parkerte mange eldre konkurrentar, og han får dagleg matching av sine storebrør, seier sportssejfen.
– Han kjem til å få mykje juling av dei beste, men det er likevel viktig og motiverande at han får så tøff matching, seier NRKs ekspert Vebjørn Rodal.
3.38 og EM-medaljar
Jakob Ingebrigtsen sjølv seier til NRK at han ser for seg å springe under 3.38 på 1500 meter og ein til tre medaljer i U20-EM i Italia i juli som årets største mål.
– Er det realistisk?
– Det tidsmessige på 1500 m har Gjert og dei andre ganske god og realistisk kontroll på. Derfor ser eg ikkje nokon grunn til å tvile på det målet.
– Men EM U20 er eit stort mål for han i år. Der kan han hevde seg på fleire distansar enn på 1500.
– Medaljer i U20-EM for ein 17-åring er vel eit høgt mål?
– Ja, men han konkurrerer stadig vekk med eldre utøvarar, og eg trur det er realistisk. Men ein må ikkje nødvendigvis legge målsetjinga ut frå alder. Han held eit høgt nivå, og då er det naturleg med høge målsettingar.
Vebjørn Rodal trur at Ingebrigtsens løp i helga kan føre til at 16-åringen får invitasjon til fleire stemne framover.
– Jakob har ei eiga evne til å tenkje framover mot neste trening og løp straks han er ferdig med det førre. Det er ein god eigenskap, seier Rodal.