Det blei massesspurt på den første etappen av Tour de France. Både Alexander Kristoff og Edvald Boasson Hagen låg godt plassert, men då Michael Mørkøv frå Katusja gjekk i bakken rett før mål, drog han med seg fleire.
Blant anna Edvald Boasson Hagen.
– Berre skrubbsår
NRKs sykkelekspert var bekymra for Boasson i det han fekk sjå velten.
– Der kan faktisk Tour de France ryke for Edvald Boasson Hagen allerede på første etappe, sier Dag Erik Pedersen
I intervju etter målgang, kunne Boasson Hagen fortelle at det gjekk betre enn det såg ut til.
– Det var nokon som krasja foran, og eg blei drege ned. Eg klarte nesten å svinge vekk, men so blei eg køyrd ned.
– Eg har berre skrubbsår. Det føles ikkje som det er noko annet ennå. Eg er forslått.
Men han legg ikkje skul på at det var skummelt å gå i bakken i so høg fart.
– Det er ganske ubehagelig. Det er vondt å treffe asfalten i så stor fart. Det er surt så tidleg. Men forhåpentligvis har det grodd igjen på eit par veker
Boasson Hagen hadde store flenger i drakten fleire stadar på kroppen. TV-bildene viste at nordmannen hadde blodige skrubbsår både på hofta, ryggen og armen.
Stolt vinnar
RØRT: Mark Cavendish var tydeleg rørt etter å ha fått på seg den gule trøya.
Foto: KENZO TRIBOUILLARD / AfpMark Cavendish var tydeleg rørt etter sigren.
– Det er ei ære. Dette er følelsesladd for meg
Han gler seg til å sykle med den gule trøya i neste etappe. Det er første gong han kan ikle seg den mest ikoniske trøya i sykkelverden, sjølv om han har 27 etappesigrar i Touren.
– Eg veit ikkje kva eg skal sei. Det finst ikkje noko større ikon i sykkelverdenen enn den gule trøya.
Holst Enger høgt oppe
Tour-debutant Sondre Holst Enger var med heilt framme i feltet, og endte på ein sterk 11. plass i sin første Tour de France-start.
Det blei ikkje eit ideelt opptrekk for Alexander Kristoff, og han klarte aldri å komme heilt opp i kampen mellom Mark Cavendish, Marcel Kittel og Peter Sagan. Kristoff endte på 8. plass.
Vegard Breen kom seg også velberga gjennom sin Tour de France-debut.