– Den er lagt opp for å få best utøvarar på vinterføre. Dei er fantastiske utøvarar, men det går ikkje an å organisere all toppidrett på same måte, seier Eknes til NRK.
Han vil spisse satsinga på sommaridrettane, og samle ressursane på ein stad.
– Veldig mykje av det som er feil, er at toppidrett har blitt distriktspolitikk, seier Eknes.
– Vi har falle ned på nivået som seier at det er ein demokratisk rett å vere toppidrettsutøvar i Norge – at du skal få lov å bu heime og vere best i verda. Det er i dei fleste sommaridrettar heilt umogeleg, meiner han.
Vi skilje NIF og NOK
Han ville hatt ei anna organisering.
– Eg ville skilt Norges Idrettsforbund og Norges Olympiske Komite, slik Eirik Verås Larsen også tek til orde for. Topp gir breidde og breidde gir topp.
– Men topp er ikkje breidde. Det blir feil å byggje opp regionale senter i staden for å spisse den vesle toppen ein har, seier Eknes.
– Det er bygd opp toppidrettsenter omkring i landet, men det er berre toppidrett for vintersport. For det er berre på vintersporten det er godt nok å vere norsk meister for å bli blant dei beste i verda, meiner Eknes, som var president i Norges Symjeforbund i 14 år, fram til han gjekk av i vår.
Eknes er samd med Andreas Thorkildsen, som meiner det er for langt opp til ressurspersonane. Det er ein påstand som Øvrebø søndag karakteriserte som løgn.
– Det finst ressurspersonar, men dei kan ikkje vere over alt.
– Feil organisering er årsak til Rio-bom
– Trur du at det du meiner er feil organisering, er årsaka til at det blei så få medaljer i Rio?
– Ja, det er eg overtydd om. Vi mister den kulturen som seier at vi skal vere desidert best, ikkje berre norsk meister.
I evalueringa etter London-OL blei det teke til orde for sterkare satsing på Campus Sognsvann.
– Toppidrett er ikkje rettferdig
– Men det har ikkje skjedd ein «damned shit», det har gått andre vegen. Det har blitt mange andre campusar. Alt skal vere så veldig rettferdig. Men er det ein ting toppidrett ikkje er, så er det rettferdig. Det er den største sanninga av dei alle.
– Kva meiner du med rettferdig?
– At det ikkje er nokon automatikk i at den som fortener det, vinn. Den som har gjort alt rett og er i toppslag akkurat den dagen det gjeld, vinn. Ikkje nødvendigvis den som har trena mest, seier Per Rune Eknes.