Hopp til innhold

– AaFK kan bli eit topplag under Jönsson

Etter gode opningar har AaFK og Lillestrøm samla to og fire poeng dei siste fire serierundane. Tom Nordlie meiner det er to ustabile lag med eit enormt potensial som møtest på Color Line Stadion.

Tollås Nation mot Riise

Det kan bli nye tøffe duellar mellom AaFK-kaptein Jonatan Tollås Nation og ålesundsgutt og LSK-spelar Bjørn Helge Riise. I kveld møtest laga på Color Line Stadion.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Begge har falle litt etter gode opningar. Det er no ein får sjå forskjellen på dei beste laga og dei litt lenger nede, seier Tom Nordlie, ekspertkommentator i NRK og tidlegare trenar i Eliteserien.

– Dei med ressursar og breidde i stallen taklar slike periodar med skader og karantenar betre. Desse laga har stallar som på papiret skal vere topp 4-5-6.

Thorstein Helstad og Petter Vaagan Moen

Thorstein Helstad og Petter Vaagan Moen har vore målfarlege for LSK i årets sesong. Mot AaFK må dei klare seg utan begge to.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Manglar kaptein og toppscorarane

For før møtet med AaFK, som kan gjennomføre sin åttande strake heimekamp utan tap, stiller Lillestrøm heller svekka.

Thorstein Helstad, med tre mål så langt, er ute med strekk i 4-6 veker. Kaptein Frode Kippe er ikkje med mot AaFK, men ikkje minst manglar toppscorar i Eliteserien Petter Vaagan Moen.

Han har scora seks mål så langt, men etter tre gule kort manglar LSK to måltjuvar.

– Lillestrøm har nokre utfordringar, så ein kan trygt seie at Aalesund er favoritt på heimebane, meiner Nordlie.

I tillegg til kaptein og toppscorarar, manglar LSK Stian Ringstad, Fredrik Stoor og Erling Knudtzon.

AaFK stiller truleg utan Demar Phillips og Tremaine Stewart i angrepet. Frå før er Daniel Arnefjord og Peter Orry Larsen ute. I tilllegg er Jo Nymo Matland ikkje med.

Tom Nordlie

Tom Nordlie, her etter første trening som LSK-trenar, meiner både Lillestrøm og Aalesund har eit svært stort potensial.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Ingen grunn til langvarig down

Det er to serierundar sidan Lillestrøm vann. AaFK har ikkje vunne sidan 4. serierunde.

– Kva tenkjer du om «formduppen» til Aalesund?

– Alle lag i Eliteserien vil få periodar med motgang, så det gjeld å ta flest mogleg poeng på kvardagar og dårlege dagar. Sånn sett har det blitt to uavgjortresultat i kampar der det har lugga litt. Så eg ser ingen grunn til at dette blir ein langvarig «down».

Nordlie trur derimot det kjem an på psyka til AaFK.

– Det spørst korleis ein greier å tenkje i motgang. Å tenkje på korleis ein opptredde i medgang er eit god triks, fortel Nordlie, som har vore trenar i mellom anna Start, Lillestrøm og Kongsvinger.

På sikt meiner Nordlie at AaFK-trenar Jan Jönsson kan gjere AaFK til eit stabilt topplag.

– Føresetnadene er der, og Jan Jönsson har gjort ein god jobb så langt. At det svingar litt er naturleg. Over tid blir derimot ikkje arbeidet tilfeldig.

Abderrazzaq Hamed-Allah

Det har blitt mykje nesten for Abderrazza Hamdallah. Tom Nordlie meiner 22-åringen frå Marokko bør få god tid, trass i høg prislapp.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Aaalt for tidleg å dømme

For AaFK er det midtbanespelar Michael Barrantes som har stått for flest mål med fire nettkjenningar. Leke James følgjer med tre.

Sjumillionersspissen Abderrazak Hamdallah står med éi scoring.

– Om han tenkjer eg at AaFK har gjort såpass god research at dei veit kva som har blitt kjøpt, meiner Tom Nordlie, og siktar til kritikken av 22-åringen frå Marokko.

Han meiner Hamed-Allah må få tid.

– Det er berre å snu på det: Om vi skulle reist til Marokko, tilpassa oss klimaet, spelestilen og lært språket ... Ein kan ikkje tru at spelaren skal prestere på toppnivå frå dag éin. Det er aaalt for tidleg å dømme om han er eit godt eller dårleg kjøp.

– Det hadde teke tid for deg å slå like gode hjul i Marokkoa som i Noreg?

– Nei, det skulle eg fiksa med ein gong. Underlaget og klima har lite å seie, det er kroppsvekta som tel, og den like overalt unntatt på månen, avsluttar ein humrande Tom Nordlie.

Siste nytt

  • Wrexham skylder kjendiseierne over hundre millioner

    League Two-klubben Wrexham, som eies av skuespillerne Ryan Reynolds og Rob McElhenney, skylder eierne rundt 9 millioner pund, opplyser klubben. Det tilsvarer drøyt 120 millioner kroner.

    Klubben holder til i Wales og ble kjøpt av skuespillerduoen i 2021. Siden fulgte en sportslig opptur, og laget blir fulgt i den Emmy-vinnende dokumentarserien «Welcome to Wrexham».

    Laget tapte semifinalen i opprykkskvalifiseringen i sesongen 2021/22, men rykket opp til League Two året etter. I skrivende stund ligger Wrexham på tredjeplass, med gode muligheter for å nå minst kvalifisering til League One, tredje nivå i engelsk fotball.

    Torsdag la klubben fram regnskapet for budsjettåret som sluttet i juni 2023. Der går det fram at klubbens omsetning har økt med 75 prosent til rundt 10,5 millioner pund fra 6 millioner pund, men at underskuddet samtidig vokste fra 2,9 millioner til 5,1 millioner pund.

    – Klubben er ikke under noe umiddelbart press for å tilbakebetale lånene på bekostning av framgangen vi ønsker å oppnå, skriver klubben.

    Videre opplyses det at det vil hentes inn ytterligere midler for å støtte opp om framtidige prosjekter.

    (NTB)

    QxUVtmMA_7A
    Foto: AP
  • Tøff start for norske golfere

    Golfprofilen Kristoffer Ventura fikk et tungt comeback på PGA-touren og ligger på 113.-plass etter første runde av Houston Open.

    Etter én ferdigspilt runde i Houston ligger han tre slag over par og ni slag bak Taylor Moore og Wilson Furr, som deler førsteplassen.

    Det gikk ikke bedre for Celine Borge i LPGA-turneringen i Arizona. Borge gikk sin åpningsrunde ett slag over par.

    Det gir en foreløpig 123.-plass, nesten 60 plasser bak den forventede cuten.

    (NTB)

    it7lekDvsTU
    Foto: AFP
  • Zuccarellos Wild med viktig seier

    Minnesota Wild vant 3-1 på hjemmebane over San Jose Sharks og sikret seg dermed viktige poeng i kampen om en sluttspillplass.

    Det tok 16 minutter før Joel Eriksson Ek punkterte nullen og sørget for den første scoringen for vertskapet i Minnesota. Midtveis i den andre perioden utlignet Mikael Granlund for Sharks.

    Den tredje perioden var så vidt i gang da Matt Brody sørget for at Wild igjen tok ledelsen. 2-1-målet kom etter bare 18 sekunder.

    På slutten av kampen tok gjestene fra San Jose ut målvakt Mackenzie Blackwood for å øke presset framover å forsøke å kjempe seg til forlenging. I stedet ble det Ryan Hartman som utnyttet muligheten da han snappet opp pucken inne ved vantet på egen banehalvdel og sendte et langskudd inn i det tomme Sharks-målet.

    Dermed kunne Minnesota gå av banen med to nye poeng. Det kommer godt med for laget fra Midtvesten, som før torsdagens oppgjør lå ni poeng unna en sluttspillplass med elleve kamper igjen å spille.

    Mats Zuccarello fikk 17 minutter på isen hjemme i St. Paul, men det ble ingen scoring eller assist på nordmannen denne gangen.

    (NTB)

    mWN7igN52F8
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal