I eit intervju med fifa.com snakkar den tidlegare argentinske storstjerna om den nye videoteknologien, som han støttar fullt ut.
– Eg tenkjer på «Guds hand-scoringa» kvar gong eg forsvarar bruken av den nye VAR-teknologien, seier Maradona.
Scoringa han siktar til, er det første målet i 2-1-sigeren over England i kvartfinalen i VM 1986. Maradona slo inn ballen med handa. Det fekk verken dommar eller linjedommar med seg, og målet vart godkjent.
Etterpå forklarte han det med at det var «Guds hand» som stod bak scoringa i VM for 31 år sidan.
– Eg er heilt sikker på at det målet ikkje hadde blitt godkjent dersom dagens teknologi fanst på den tid, seier Maradona.
Argentina gjekk heilt til topps i VM i Mexico i 1986.
Redda med handa på målstreken
Men argentinaren har fleire tilfelle han meiner videoteknologien hadde gitt andre resultat.
– Sjølv redda eg ei scoring med handa inne på målstreken i ein kamp mot Sovjetunionen i VM i 1990, seier Maradona. Argentina vann kampen 2–0 og gjekk heilt til finalen.
VAR-teknologien blei for første gong i ei større turnering brukt under prøve-VM i Russland i førre månad. Erfaringane var blanda. Teknologien hjelpte dommarane i mange tilfelle, men hausta også kritikk mellom anna for lange pausar og forvirring for tilskodarar.
Men FIFA-president Gianni Infantino seier seg nøgd med erfaringane, og seier at det blir brukt i VM neste år.
Det støttar Maradona. – Teknologien gir rettare avgjerder. Og fotballen kan ikkje kome bakpå, seier Maradona.
– Hurst-scoringa hadde aldri blitt godkjend
Som også trekkjer fram hendingar der han sjølv ikkje var involvert, men der han meiner videoteknologi hadde gitt eit anna utfall.
– Englands 3-2-mål i VM-finalen i 1966 hadde heller ikkje blitt godkjend. Den var ikkje over streken, seier Maradona. England vann finalen 4–2 etter ekstraomgangar.
– Og Frank Lampards annullerte «mål» mot Tyskland i 2010 hadde blitt ståande, seier han.
Ballen var langt over målstreken, men det blei likevel ikkje godkjent mål. Dette skjedde like før pause, og hadde England fått målet godkjent, hadde dei henta opp 0–2 til 2–2. Tyskland vann åttedelsfinalen med 4–1 til slutt.
– Annulleringa gav Tyskland den sjølvtilliten dei trong for å vinne, seier Maradona.
Det var den annulleringa som fekk dåverande FIFA-president Sepp Blatter til å endre syn på video-teknologi, og som fekk ballen til å rulle i favør av å la dommarane få tekniske hjelpemiddel.