Hopp til innhold

Tar ingen spesielle grep før fyllekøyringssaka

Apparatet rundt Petter Northug fortel at dei ikkje gjør noko spesielt for å førebu 28-åringen på den store, utanomsportslege merksemda som følgjer med straffesaka som kjem i nær framtid.

Petter Northug

Ilya Chernusovs trenar Vegard Bitnes lovar høg intensitet når Petter Northug er med på trening i Stelvio denne veka.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Vi planlegg ein treningshaust utan avbrekk. Ting som sjukdom, skader eller andre ting som erfaringsmessig kan dukke opp tar vi når det kjem.

Slik svarer Northug-sportssjef Ole Thonstad på spørsmålet om Northug-apparatet gjør noko spesielt for å førebu Petter Northug på den utanomsportslege merksemda som vil komme når det blir klart kor streng straff skiesset får for å ha fyllekøyrt i mai.

Snart vil Northug få vite kva som skjer med behandlinga av saka om 28-åringens promillekøyring.

Northugs straffesak blei i dag sendt til Statsadvokaten. Det er venta at Statsadvokaten vil ta ut endeleg tiltale i løpet av veka.

– Vi skal no vurdere om saken kan gå for retten som en tilståingssak, eller om vi skal ta ut tiltale. Dette vil vere avklart om ei vekes tid, seier førstestatsadvokat Bjørn K. Soknes til NRK.

Det er ingen tvil om at skiesset helst skulle ha vore forutan denne saka i sesongoppkøyringa. Snart vil det bli kjent kor høg straff Northug får for fyllekøyringa, når han må sone og korleis han må sone.

Sterk sesongoppkøyring

Northug har ifølgje apparatet lagt ned enormt med treningsarbeid for å kunne slå tilbake etter skandalen.

– Petter er kvikk og rask og veldig gira og motivert til å legge ned den jobben som må til for å gå fort til vinteren. Ja, han ser godt trena ut. Det betyr at han er bra og på hogget, sa trenar Stig Rune Kveen i førre veke.

Skal sparre med Chernusov og hans norske trenar

Medan Statsadvokaten går gjennom innstillinga frå politiet er Northug godt i gang med tredje høgdetreningsveke i Italia. På dei neste øktene skal han sparre med russiske Ilya Chernusov.

– Dei skal få køyrt seg. Eg skal stå på toppen som ein skytebas, seier Chernusovs nye trenar, Vegard Bitnes frå Meråker.

På Northugs siste høgdeveke i Italia er det planlagt fleire intervalløkter i Stelvio, som ligg på grensa mellom Sveits og Italia.

Norway

Petter Northug (gull) og Ilya Chernusov (bronse) saman på pallen etter 30 km jaktstart under VM i Holmenkollen i 2011.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

Dei to køyrte også fleire hardøkter på førre høgdeopphald i sommar.

– Det er tilfeldig, påstår Bitnes, som er god kamerat med Northugs nye trenar, Stig Rune Kveen. Bitnes og Kveen blei kjent då dei gjekk på skule i Meråker i Trøndelag.

Utstyrstesting

Heilt tilfeldig er det vel ikkje då at Chernusov, som stal bronsen frå Martin Johnsrud Sundby på OL-femmila i Sotsji førre vinter, no kjem saman med Northug for andre gang i sesongoppkøyringa.

– Eg og Ilya bur her nede. Då eg snakka med Stig Rune tidlegare nemnde eg at vi kanskje kunne ta ei økt saman i løpet av Petters høgdeopphald. Petter og Ilya kjenner også kvarandre frå før.

– Det blir gode intervalløkter av slike møter. Dette er to løparar på bra nivå, som får godt utbytte av å trene saman, seier Bitnes, som er innpiskar for dei to konkurrentane sidan Kveen har reist tilbake til Norge etter to veker i høgda med Petter Northug, som også skal teste nytt utstyr på siste veka i Italia.

Etter dette ventar heimreise til Norge og etter alt sannsyn eit raskt svar på kor streng straff Northug får for å ha fyllekøyrt i vår.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal