NRK Meny
Normal

– Svekker Kristoffs vinnarsjansar

Klassikar-stjerna John Degenkolbs forfall til vårklassikarane kan gjøre det verre for Alexander Kristoff å vinne det prestisjetunge monumentet Milan-Sanremo.

Kristoff

VÅRSESONG UTAN ERKERIVALEN: Alexander Kristoff sesongdebuterer i Tour of Qatar neste veke. Om ein månad køyrer han Milan-Sanremo utan rivalen John Degenkolb på startstreken.

Foto: LIONEL BONAVENTURE / Afp

I fjor blei Alexander Kristoff (28) spurtslått av John Degenkolb (27) etter utmattande 293 kilometer i Italia, og Kristoff blei snytt for sin andre strake triumf i Milan-Sanremo.

I år blir det ingen duell. Onsdag bekrefta Degenkolb at han må droppe vårklassikarane på grunn av skadene etter ulukka på treningsleir i Spania, der Giant-Alpecin-rytter Degenkolb og lagkameratane blei påkøyrt av ein bil.

Det kan paradoksalt nok vere med på å svekke Kristoffs vinnarsjansar, meiner Team Kristoff.

– Giant er eit lag som køyrer ganske likt som oss. Våre lag kunne ha samarbeida, men når han ikkje stiller til start har vi ein mindre samarbeidspartner. Det er nødvendigvis ikkje positivt for meg at han er vekke, seier Kristoff.

– Synd for konkurransen

– No mistar vi eit lag som er villeg til å halde feltet samla samla inn mot mål. Det vil komme mange angrep mot slutten der enkeltryttarar prøver å komme seg avgårde, seier trenar Stein Ørn.

John Degenkolb

UTE: John Degenkolb. Her er han først over målstreken under Paris-Roubaix i 2015.

Foto: Michel Spingler / Ap

– Giant-laget er eitt av laga som er mest disiplinert og som ville halde feltet samla mot slutten. At dei no ikkje køyrer for Degenkolb er med på å redusere sjansen, seier Ørn.

Kristoff, som sesongdebuterer i Tour of Qatar i neste veke, meiner Milan-Sanremo i mars blir hakket mindre prestisjetung med ein favoritt mindre på startstreken.

– Det er synd for konkurransen når dei beste ikkje er med, sjølv om eg no får ein mindre konkurrent å halde styr på i ein potensiell massespurt, seier Kristoff.

– Døden nær

Degenkolb var mellom anna nær ved å miste fingen i møtekollisjonen med bilen i Spania for rundt to veker sidan.

Få dagar før ulukka trena Kristoff på dei same landevegane.

– Vi var i sjokk då vi fekk høyre om uhellet. Eg har høyrt at dei verkeleg var døden nær, at dei var heldige som overlevde, seier Kristoff.

– Bilen kom vel i 50 kilometer i timen og ryttarane kom i 50 kilometer i timen. Det blir ein møtekollisjon på hundre kilometer i timen, legg han til.

– Ein vekkar

– Det virkar nesten som at media har tona det ned. At det eigentleg var meir dramatisk, fortel Kristoff.

– Tenker du at det kunne ha vore deg?

– Ja, det virkar som at akkurat det kunne skjedd kven som helst. Det kan skje i trafikken kvar dag. Du får ein vekkar, men du kan ikkje gå rundt og tenke at det Eg håpar det går bra med meg til eg er ferdig med karrieren,

Siste nytt

  • AEK mulig motstander for Rosenborg

    Mesterligatrekningen i dag gjorde det klart at dersom Rosenborg slår ut Celtic av mesterligakvalifiseringen, venter den greske seriemesteren AEK Aten i neste runde. Hvis det blir tap venter irske Cork City i europaligakvalifiseringen.

    Champions League-kvalifisering 2018: Rosenborg - Valur (3-1).
    Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
  • Parma får spille i Serie A

    Det italienske fotballforbundet gir Parma lov til å spille i Serie A kommende seong, men klubben må starte med fem minuspoeng.

    Den tidligere storklubben rykket opp fra Serie B i vår, men risikerte å miste opprykke på grunn av forsøk på resultatfiksing.

    Samtidig får Emanuele Calaio en karantene på to år og en bot på 20.000 euro.

  • Helle Thomsen ny trener i Molde HK

    Danske Helle Thomsen blir ny trener for Molde Håndballklubb Elite. Hun har tidligere trent det svenske landslaget, men har siden 2016 trent det nederlandske landslaget, som under hennes ledelse har vunnet både EM-sølv og VM-bronse.

    Helle Thomsen
    Foto: Molde HK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport og musikk
Sport i dag
Sport i dag