– Hadde aldri kunne finansiere sykkel-VM utan støtte

Sykkelpresident Harald Tidemann Hansen er glad for at det no ser ut til å kunne bli endring i reglane for statsstøtte til store idrettsarrangement.

Harald Tidemann Hansen

ØNSKJER DANSK MODELL: Sykkelpresident Harald Tidemann Hansen er klar på at utan støtten på 30 millionar frå staten hadde ikkje Norge kunne arrangert sykkel-VM i Bergen

Foto: Veronica Westhrin / NRK

– Vi hadde aldri greidd å finansiere sykkel-VM utan den støtten vi fekk frå staten, seier sykkelpresidenten til NRK.

Sykkel-VM i Bergen i 2017 fekk 30 millionar kroner i offentleg støtte. Men ikkje til sjølve VM-arrangementet.

26 av desse millionane kom frå Samferdselsdepartementet og skulle gå til utbetring av vegar. Tre millionar kom frå Justisdepartementet til tryggleik, og ein million kroner kom frå Kulturdepartementet til eit frivillig-prosjekt.

Derfor er sykkelpresidenten glad for at kulturministeren no opnar for å endre reglane for støtte.

– Det er vi svært positive til. Vi har søkt om store arrangement før, og etterlyste reglar den gongen idrettsmeldinga kom. Då sa styremaktene at dei ønskte å støtte opp under store arrangement. Men økonomien har ikkje vore på plass, og det ville vore veldig flott om vi kunne få til noko tilsvarande som i Danmark, seier sykkelpresident Harald Tidemann Hansen.

Der har dei etablert selskapet Sport Event Danmark, eit profesjonelt selskap som skal skaffe landet store meisterskap. Det er idretten sjølv saman med næringsdepartementet som står bak selskapet.

Ei liknande ordning kan også kome i Norge, etter at kulturministeren no opnar for ei ny støtteordning. Problemet er aktualisert etter at Norges Golfforbund ikkje fekk støtte til å søkje om arrangementet av Solheim Cup.

– Dette har vore diskutert også tidlegare. No har det modna litt, derfor har eg god tru på at det kan bli ein realitet no, seier Harald Tidemann Hansen.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup fristil: Skicross
V-cup fristil: skicross
V-cup skiskyting: Sprint kvinner
V-cup skiskyting
V-cup skiskyting: sprint kvinner
V-cup hopp: kvalifisering menn
V-cup hopp: Kvalifisering
V-cup hopp
V-cup skøyter
V-cup skøyter: 500 m kvinner og 500 m menn
V-cup skøyter