– Skal ein bevare klassisk langrenn så er ein heilt avhengig at ein slår ned på smugskøyting. Derfor blir søndagens renn i Toblach heilt avgjerande, seier NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn.
Han har akkurat vore ute å testa den fem kilometer lange sløyfa som skal bli brukt under søndagens 15 kilometer klassisk intervallstart - med blå blokker langs løypa.
Det var her Alexey Poltoranin blei tidenes fyrste vinnar av eit distanserenn i klassisk på blanke ski.
Men måten kasakthstanaren vann på under Tour de Ski-etappen i fjor, kan han tvilsamt kopiere i år.
Fyrste flate verdscuprenn
Det internasjonale skiforbundet har gjort regelendringar som skal gjere det lettare å diskvalifisere løparar som tek skøytetak i år.
Derfor blei for eksempel Martin Johnsrud Sundby diska og mista sigeren under den nasjonale opninga på Beitostølen. Men i verdscupen har det ennå ikkje vore løyper som innbyr til rein staking.
Før verdscupsirkuset nå har innteke den vesle landsbyen ved Dolomittene, Toblach. Her er bakkane langt frå så bratte og lange som i Kuusamo og på Lillehammer.
Derfor blir søndagen spesielt viktig for å sjå om FIS faktisk vil overhalde regelverket.
Ikkje redd for å diskvalifisere vinnaren
Renndirektør i FIS Pierre Mignerey blei med NRK ut i løypa for å vise oss regelendringane.
– Ei av dei viktigaste endringane er at løparane har ikkje lov til å skifte frå spor til spor mange gonger. Derfor har me i år berre eitt to spor og me har sett ut klossar som gjer det vanskelegare for løparane å ta skøytetak i svingane, seier Mignerey og peikar.
Torgeir Bjørn trur det er ei endring som vil gjere det vanskelegare å jukse i år.
– Det er ei betre løype enn i fjor, då det var to spor ein kunne skifte mellom. Nå er det eitt spor, ei ideallinje gjennom heile løypa. Det gjer det vanskelagere å legge inn skøytetak, seier kommentatoren.
Nådelause
Om nokon likevel skulle prøve seg, blir dei nøye passa på.
– Me i juryen og fleire kontrollørar kjem til å stå på dei kritiske plassane ute i løypa. Sjølvsagt er det spesielt viktig denne helga når me veit at mange utøvarar vil stake, seier renndirektør i FIS, Pierre Mignerey.
– Blir det vanskeleg å diskvalifisere ein eventuelt vinnar?
– Nei, det er eit spørsmål om rettferdigheit. Ser me at reglane blir brotne er det like lett for oss å diskvalifisere vinnaren som sistemann, seier FIS-toppen.