– IOC-toppane skal ikkje bu der heller. Dei skal jo bare kose seg med høge glas og kanapear, så dette er sløseri, seier Ib Thomsen, som er kulturpolitisk talsmann i Framskrittspartiet.
Under OL i Sotsji skal Norges Idrettsforbund (NIF) bruke 12 millionar kroner på eit eksklusivt representasjonshus for spesielt inviterte.
Huset skal mellom anna brukast til å gje IOC-medlemmar få forpleiing. Dei skal overbevisast om at dei må gje OL i 2022 til Oslo, skriv VG.
Feil prioritering av midlar, gjentar Thomsen.
– Viss Norge i så stor grad må smøre IOC-toppane for å selge inn vinter-OL i Oslo så synst eg vi bør tenke oss om. Vi veit jo at 12 millionar kroner til breddeidrett i Norge hadde vore mykje betre, seier han.
Aasrud: – Kutt ut jåleriet
– Sløseri, seier Ib Thomsen om Norges Idrettsforbunds hus til 12 millionar kroner i Sotsji.
Foto: Falch, Knut, Knut Falch / SCANPIXDet norske IOC-medlemmet Gerhard Heiberg meiner det absolutt ikkje er for dyrt for NIF å legge ut for VIP-huset, fordi dette er einaste moglegheit før avstemmingsåret 2015 til å møte alle IOC-meldemmane på ein stad.
– Det blir mi oppgåve å få dei inn der, så får folka der bespise, «bedrikke» og belære dei. I tillegg er det viktig for dei som er der frå Norge å få vite korleis IOC-medlemmene bedømmer våre sjansar til å få OL i 2022. Vi har jo enno ikkje bestemt oss for om vi skal søke, seier han til VG.
Heiberg meiner at han kan klare å lokke over halvparten av IOCs noverande 107 medlemmar til millionbygget «Norway House».
Rigmor Aasrud i Arbeiderpartiet synst NIF kastar seg alt for lett på IOCs forpleiingskarusell.
– Eg synst det er synd at IOC-systemet er sånn at ein må bruke så mykje pengar i ein søkarprosess, men samtidig skjønnar eg også at ein må vere tilstade der beslutningar blir tatt, seier Arbeiderpartiets kulturpolitiske talsperson.
– Men skal ein ha eit OL i Norge ein eller annan gang må ein i alle fall sørge for at ein del «sånne ting» blir annleis og at ein kuttar ut dette jåleriet rundt IOC.
Andersen: – Betre å møtast i «det norske huset» enn på ein restaurant
For generalsekretær Inge Andersen er ikkje huset i OL-byen for dyrt.
Han påpeiker også at det er lettare å lokke IOC-medlemmar til eit eige hus, enn å prøve å få dei med på caféar og restaurantar i terrorutsette Russland.
– Vi vil ivareta sikkerheita gjestene våre og er privilegerte som har fått ein plass i OL-byen.
Han reagerer sterkt på at norske politikarar tar i bruk begrepet «smøring av IOC-toppar».
– Dette har absolutt ingenting med smøring å gjøre. Vi gjør dette for legge til rette ein arena der representantar frå norsk idrett kan møte internasjonale idrettsrepresentantar. I tillegg skal den norske ambassaden ha mottakingar i huset, seier Andersen.
– Her er det ingen hemmelegheiter. Det er til og med planlagt eit pressemøte med norsk media på OL-opningsdagen slik at vi kan legge fram kva vi gjør i det norske huset under leikane, seier Andersen.
– Har det vore umogleg å senke kostnadane her?
– Heile norsk idrett har vore bevisst på at det å søke OL ikkje er ei gratisreise. Dette er ei investering for å utvikle og skape bærekraft i norsk idertt på lik linje med OL på Lillehammer i 1994, seier han og legg til:
– Vi har hatt store og viktige «hospitality-program» under alle OL og Paralympics dei siste gangane. Denne gangen har vi i større grad organisert dette innanfor eit sikkerheitsområde, slik Sveits, USA og nokre andre land har.