– Eg likar løypa. Det er gras, men hardt underlag, og det passar for meg som likar respons på fråsparket, seier Jakob Ingebrigtsen. – Det blir neppe gjørmete.
17-åringen er tittelforsvarar og storfavoritt i U20-klassen i EM i terrengløp i Slovakia søndag.
– Eg ville helst hatt litt meir bakkar, seier Henrik Ingebrigtsen. Han startar i sin første konkurranse etter operasjonen i sommar. – Men bana er teknisk og fast og fin, med nokre tømmerstokkar som ligg tvers over. Det bryt opp løpet litt, og det er bra, seier han.
Sjå EM frå søndag kl 09.15
– I lengste laget
– 10 kilometer, er ikkje det litt langt for deg?
– Det er i lengste laget, men det passar fint inn i treninga eg har gjort den siste tida. Kondisjonen er på eit greitt nivå, så eg skal tole dette betre enn ein 1500 meter akkurat no.
Han meiner veslebroren er storfavoritt i U20-klassen.
– Eg slit med å sjå nokon som kan slå han. Han vann i fjor, og i år er han mykje betre. Toppnivået i klassene held seg vanlegvis stabilt. Når Jakob vann med klar margin i fjor og er betre no, vinn han nok med større margin i år, seier Henrik.
– Kunne kanskje greidd topp 10 i senior
– Korleis hadde han gjort det i seniorklassen?
– Eg trur han hadde greidd topp 10. Kanskje eg er lit «cocky» på hans vegne, men topp 15 hadde iallfall vore innan rekkevidde, seier storebror.
Jakob er ikkje heilt sikker.
– Det er vanskeleg å seie. Den løypa er fire kilometer lengre enn mi. Men eg er i veldig god form, iallfall på dei treningane vi har gjort den siste månaden. Så det lovar bra for løpet i morgon. Eg gler meg iallfall.