NRK Meny
Normal

– Sikkert ikkje i tipp-topp kampform

Stabæk fekk aldri tak i ein spiss, men enda opp med midtbaneterrier Anthony Annan, som fekk motstandarar til å rase sist han var i eliteserien.

ELITESERIEN

TIDLEGARE ELITESERIE-STJERNE: Anthony Annan. Her for Stabæk mot Rosenborg.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Anthony er sikkert ikkje i tipp-topp kampform, men han er lettrent. Vi skal klare å få han ganske raskt i form og dermed komme i bedre posisjon for å kunne ta medalje eller kjempe om gullet, seier sportsdirektør Inge André Olsen.

Torsdag kveld blei det klart at tidlegare Stabæk- Rosenborg- og Start-spelar Anthony Annan vender tilbake til eliteserien etter fire år i mellom anna tysk fotball.

– Han er tilbake på ein arena der han hadde stor suksess. Han var jo lenge ein profil i vår øverste divisjon, seier NRKs fotballekspert Karl Petter Løken.

– Det er ein tidlegare helt som no vender tilbake, seier Olsen.

Skulda for å bite i brystet og klype i rumpa

I tillegg til å spele god fotball blei Annan også kjent for å bruke skitne triks mot fleire motstandarar sist han var i eliteserien.

Etter møtet mellom Rosenborg og Aalesund i 2010 blei Annan skulda for å bite Thor Hogne Aarøy i brystet (sjå video):

Video Annan og Aarøy forsonet

I seriefinalen mot Vålerenga tok Annan eit solid tak i André Muris rumpe. Muri og dåverande Vålerenga-trenar Martin Andresen blei rasande over oppførselen.

Olsen trur Annans harde stil blir viktig for eit medaljejagande Stabæk.

– Eg trur ikkje han har så mange skitne triks. Anthony var først og fremst ein spelar som spelte med hjartet utpå drakta. Vi treng han i kampane der laget må krige og blø denne hausten.

– Han skal få lov til å spele på alt han er god på, sjølv om han må ligge litt på grensa imellom. Anthony har masse erfaring og har spelt mange store kampar i store klubbar.

Rekk ikkje seriefinalen

Annan skal spele i Stabæk ut sesongen, men rekk ikkje seriefinalen mot Rosenborg til helga.

Olsen

FORNØGD: Stabæks sportsdirektør Inge André Olsen.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Men dersom Stabæk skulle tape på Lerkendal søndag, har Annan sjansen til å vere med når Stabæk møter Rosenborg i cupen ti dagar etter.

– Anthony må vere klar til å bidra allereie i seriekampen mot Tromsø, som kjem neste helg. Tanken er at han skal inn og tilføre kvalitet i midtbaneleddet, seier Olsen.

– Er du skuffa over at det ikkje kom inn ein spiss i tide?

– Nei. Vi hadde ikkje råd til å gardere oss med å hente nye spelarar før andre spelarar forsvann. Vi kom på etterskot i jakta på erstattar for Adama Diomande fordi han forsvann til Hull på siste dag av overgangsvinduet, og Anthony var eit mykje sikrare val enn dei andre vi vurderte, seier Stabæks sportsdirektør.

Siste nytt

  • Kirkevold forlenget målrekorden

    Pål Alexander Kirkevold bøtter inn mål i den danske superligaen. Søndag scoret Hobro-spissen i sin tiende kamp på rad i 4-0-seieren over Nordsjælland, skriver NTB. Den forrige rekorden var mål i åtte kamper på rad.

    Kirkevold
    Foto: Henning Bagger / Scanpix Denmark / NTB scanpix
  • Bjørgen måtte utsette høydeopphold

    Marit Bjørgen har vært smittet av streptokokker og måtte utsette avreisen til landslagets høydesamling i Val Senales, skriver Adresseavisen. 37-åringen skulle egentlig slutte seg til landslaget i Italia onsdag, men ankommer først søndag, skriver avisen.

    Bjørgen
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Márquez økte VM-ledelsen

    Marc Márquez har 33 poeng til nestemann i VM-sammendraget etter å ha kjørt inn til en overlegen seier i Australias Grand Prix i roadracing. Triumfen sørget for at Márquez har ytterligere 22 poeng ned til Andrea Dovizioso i sammendraget, skriver NTB.

    Marquez
    Foto: Andy Brownbill / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Sportsrevyen
4-4-2 Eliteserien fotball: Brann - Rosenborg