- LES OGSÅ: Ber Northug om å bli voksen
Denne kommentaren frå Petter Northug får NRKs langrennsekspert, Carl Henning Gran, til å reagere.
– Det er meget drøyt å seie, i alle fall når det er jobben din å prestere på et høgt nivå, og du er på eit landslag som forlangar at du leverer over ein heil sesong, seier Gran.
- Er dette ein drøy påstand av Northug? Er sesongen ferdig etter Tour de Ski? Kommentér nedst i artikkelen!
– Avsluttar tidleg mentalt
Landslagssjef Vidar Løfshus trur Northug også vil imponere etter Tour de Ski, sjølv om han ikkje likar at Norges gigant i skisporet meiner at sesongen er over like over nyttår.
– Det er drøyt å seie. Men sånn eg kjenner Petter og sånn vi har kommunisert trur eg det blir veldig interessant for han med verdscup samanlagt når han ligg godt an i den etter Tour de Ski, seier Løfshus.
- SJÅ OGSÅ:
Northug har aldri vunne Tour de Ski. Utan OL eller VM denne sesongen er konkurransen den store rosina i pølsa, og Northugs store mål.
Han gjør dermed alt for å storformen inne frå og med no, til og med Tour de Ski.
– Mentalt blir sesongen avslutta tidleg, så det handlar om å vere fokusert no, seier han.
Sliten etter Tour de Ski
At Northug alt er i form er det ingen tvil om. Spurtsiger på stafetten sundag og andreplass på 15 kilometeren laurdag viser det.
Og når touren er over 9. januar, trur Norges langrennshelt at kruttet er brukt opp.
– Det kjem sikkert til å få konsekvensar for det som skjer etter Tour de Ski, ein blir sliten, har ikkje grunnlaget og formen vil derfor bikke, seier Northug.
- SJÅ OGSÅ: