Dokumentaren Geheimsache Doping - Russlands Täuschungsmanöver på ARD er laga av Hajo Seppelt, mannen som gjennom to dokumentarprogram i fjor avslørte systematisk doping i russisk friidrett. Dette fekk det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) til å stenge ute Russland frå all internasjonale konkurransar på ubestemt tid.
Men dette har ikkje hindra at den systematiske russiske dopinga held fram, ifølgje kommentaren.
Den meiner å ha bevis for at utestengde trenarar held fram med aktiviteten sin i provinsar langt utanfor allfarveg i det enorme landet, som om ingenting har skjedd.
Avslører tidspunkt for dopingtest
I ein samtale i eitt av opptaka fortel ei stemme som skal tilhøyre den nyvalde leiaren for det russiske antidopingbyrået RUSADA, Anna Antselovitsj, til ein utøvar om tidspunktet for ein dopingtest.
Antselovitsj fekk jobben etter Nikita Kamajev, som trekte seg etter avsløringane i haust, og som døydde av hjarteattakk ei stund etterpå.
Hajo Seppelt avslørte i haust omfattande systematisk og statsstøtta doping i russisk friidrett.
Samstundes offentleggjorde WADA ein rapport som viste at over 1400 dopingprøver hadde blitt destruert på laboratoriet i Moskva – laboratoriet som deretter mista lisensen.
– Russland bør ikkje få delta i OL
WADA seier at dei vil sjå på dokumentaren med interesse.
– Dersom det kjem fram opplysningar som må følgjast opp, vil ikkje vi nøle med å gjere det, seier WADA-talsmann Ben Nicholls til Association Press.
– Når ein leiar medvite informerer utøvarar om tidspunkt for dopingtestar, må det få konsekvensar, seier Joseph de Pencier, leiar av organisasjonen for antidopingorganisasjonar.
– Ut frå det vi eit no, bør ikkje russiske friidrettsutøvarar få lov til å delta i Rio-OL, seier han.
Diskuterer Russland denne veka
IAAF suspenderte alle russiske friidrettsutøvarar frå all internasjonal deltaking. Russland fekk ei liste med krav som dei må følgje opp før dei igjen får delta internasjonalt.
IAAF sette samstundes ned ei arbeidsgruppe som skal sjå til at Russland følgjer opp. Gruppa, med Rune Andersen som leiar, var i Russland i januar for å granske saka, og skal ha møte i slutten av denne veka for å diskutere sine funn.
– Arbeidsgruppa vil sjå på dei siste opplysningane og diskutere dei med russiske representantar, skriv IAAF i dag.
Russlands sportsminister Vitalij Mutko er kritisk til dokumentaren allereie før han har sett han. Mutko seier Russland er godt i gang med reformtiltaka.
– Dette kan bety at nokon prøver å influere på organisasjonar som skal ta viktige avgjerder, seier Mutko til telegrambyrået TASS.