– Vi skuldar Frankrike ein, seier Irlands midtbanespelar, Wes Hoolahan til ESPN.
Den eine han snakkar om skjedde i ein kamp mellom laga for nesten sju år sidan.
18. november, 2009, Paris: Frankrike tar imot Irland til kamp to i playoff til VM i Sør-Afrika den kommande sommaren. Irland leda 1–0 etter 90 minutt, men sidan Frankrike vann med same siffer i Dublin nokre dagar i førevegen gjekk kampen til ekstra omgangar. I første ekstra omgang kom scoringa som skulle sende Frankrike til VM, medan Irland måtte sjå meisterskapen frå sofaen.
I forkant av scoringa brukte Thierry Henry handa for å leggje ballen til rette for seg sjølv, og framfor mål fann han William Gallas som stonga inn scoringa som avgjorde kampen.
- Les også:
- Les også:
Hugsar det godt
I «fanzone» i Lyon er det god stemning mellom dei tilreisande frå Irland og supporterane til vertsnasjonen Frankrike.
Men handsen til Henry har dei ikkje gløymd.
– Revansj betyr alt for oss. Vi må slå Frankrike, seier ein irsk supporter, til rungande jubel frå kameratane som er samla rundt han.
– Vi har ikkje gløymd det. Det var utruleg vondt, seier gjengen samstemt.
For handsen såg alle, med unntak av den svenske dommaren Martin Hansson.
- Les også:
– Hjartet seier Irland, fornufta seier Frankrike
Irane har sett sitt preg på Frankrike under EM, med sitt engasjement og songar i gatene. For første gong skal dei no spele i utslagsrundane i eit EM.
– Hjartet mitt seier 1–0 til Irland, men fornufta seier 2–1 til Frankrike, seier ein irske supporter til NRK.
I forkant av kampen har det blitt snakka mykje om Henrys hands for nesten sju år sida, men NRKs fotballekspert, Lise Klaveness trur ikkje det kjem til å påverka spelarane.
– Spelarane tenker nok ikkje på det, men supporterane vil nok gjera det, seier ho.