NRK Meny
Normal

– Publiserer video på Youtube og kallar det Jackass når han skiftar daglegvarebutikk

Norges beste hoppar Anders Bardal er landslagets store pingle utanfor hoppbakken, ifølge lagkameratane.

Bardal

– Han hoppar ikkje i strikk om han ikkje må. Og han handlar i den butikken han har vore i før, der han veit kor Colaen står, seier lagkamerat Anders Jacobsen om super-streite Anders Bardal.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Av kompisane på landslaget blir VM-vinnaren bare kalla «Steady Eddy». Forklaringa er enkel, fortel Anders Jacobsen og Tom Hilde.

– Bardal er «rebelsk». Såpass «rebelsk» at han filmar det når han skiftar daglegvarebutikk, legg det ut på Youtube og kallar det Jackass, seier Hilde og gliser stort.

– Han hoppar ikkje i strikk om han ikkje må. Han handlar i den butikken han har vore i før, der han veit kor Colaen står, seier Jacobsen.

Bardal blånekta

At Bardal er alt anna enn ekstrem uten ski på beina viste seg tydeleg då Mika Kojonkoski var hopptrenar for Norge. Kojonkoski tok landslaget med på årlege samlingar til den finske landsbygda, der det bare var to daglegvarebutikkar å velge mellom.

Hilde

– Superenkel forskning viser det er Bardal som har vore sterkast dei siste åra. Eg trur han kjem til å vere sterk også i år, seier lagkamerat Tom Hilde.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Eg hugsar ikkje om han gjekk på den butikken til høgre eller venstre, men han blånekta å sjonglere. Han gjekk kun i den eine butikken dei gangane vi var der, seier Hilde.

Lagkameraten trur den super-streite veremåten har gjort Bardal best.

– Det er derfor han er så mykje betre enn meg. Fordi han har vore nøye på absolutt alle område over veldig lang tid. Han har gjort dei same tingene og endrar sjelden på noko verken i eller utanfor bakken, sjølv i motgang, seier Hilde.

Frå appelsinjuice til eplejuice

Plasseringane i verdscupen dei siste åra viser kor ekstremt stabil Bardal er i bakken.

I fjor var han ikkje like god som då han vann verdscupen samanlagt i 2012, men likevel var hopparen:

  • Ein av dei ti beste hopparane i 18 av 21 renn
  • På pallen i 11 av 21 renn

Bardal lev godt med kallenamnet «Steady Eddy».

– Eg er den typen. Vil ha kontroll på ting og rutinar på ting, seier Bardal, som sesongåpnar med lagkonkurranse i Klingenthal.

«Steady Eddy» ønskar å stå i historiebøkene som ein av hoppsportens gigantar. Då blir det viktig å oppnå desse måla denne sesongen:

– Pallplass samanlagt i hoppveka og gull i Falun, svarar Bardal kjapt.

– Og ditt neste Jackass-stunt blir?

– Vi får sjå. Kanskje eg byter frå appelsinjuice til eplejuice, seier 32-åringen.

Frå Norvegia til lettare Norvegia

Bardal har også lova lagkamerat Hilde at han skal bli meir ekstrem utanfor bakken denne sesongen.

– Han skal skifte frå Norvegia til lettare Norvegia-ost, seier Hilde.

– Kor tøff blir han i bakken?

– Superenkel forskning viser det er han som har vore sterkast dei siste åra. Eg trur han kjem til å vere sterk også i år.

– Det er få som klarar å følge han når han er i form. Det veit han sjølv og det kjem han til å dra nytte av denne sesongen, seier Hilde.

Siste nytt

  • – Flaut, sa Zucca

    Mats Zuccarello scora på straffe, men New York Rangers tapte likevel 1-2 etter straffer for Dallas. – Det er pinleg å spele to periodar utan å vinne ein einaste nærkamp, seier Zuccarello til NTB.

    Rangers fekk si utlikning fire minutt før full tid. – Vi fekk det poenget vi fortente minst sidan eg kom hit, seier Zucca.

    Mats Zuccarello
    Foto: Bill Kostroun / AP
  • Ingen Stina Nilsson i Toblach

    En forkjølet Stina Nilsson deltar ikke i de to verdenscuprennene i langrenn i Toblach til helgen.

    Nilsson vant sprinten i Davos sist lørdag. I søndagens 10 kilometer i fri teknikk endte hun på 31.-plass.

    Verdenscup ski nordiske grener.
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Ødegaard ute med brudd i foten

    Martin Ødegaard vil ikke spille mer for nederlandske Heerenveen før jul. 18-åringen har pådratt seg et brudd i foten. Det bekrefter pappa Hans Erik Ødegaard til Aftenposten mandag.

    – Det er et brudd oppe på den ene vristen, sier Ødegaard til avisen.

    Martin Ødegaard går dermed glipp av de siste tre seriekampene før julepausen.

    Martin Ødegaard
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal