Hopp til innhold

– Privatlandskampane har utspela si rolle

Statistikken over norske privatlandskampar i fotball er så trist at den svekker Norges fotballandslag som merkevare, meiner fotballkommentator Lars Tjærnås.

Tomme tribuner

GLISSENT: Berre drygt 7000 møtte fram på Ullevaal onsdag kveld. Det er ikkje sikkert alle kjem tilbake til neste privatlandskamp

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Berre drygt 7000 møtte fram til kampen mot Kviterussland på Ullevaal i går. Det enda med 0-1 og ein innsats som gav pipekonsert.

Det er heller ikkje første gongen Norge ikkje har levert når dei har spela privatkamp. Slett ikkje.

Med nokre få heiderlege unntak – mot Island og Belgia i sommar – har privatlandskampar i lang tid vore sørgjelege greier.

2-0 over Finland i mars i år var ikkje noko fyverkeri det heller. Men det var iallfall mål og siger, og dermed langt betre enn dei føregåande kampane. Tre gonger på rad hadde laget gått av bana utan mål på heimebane. Det hadde gått over 500 speleminutt sidan siste scoring, og 804 dagar sidan siste siger.

Norge har under Per-Mathias Høgmos leiing spela 17 treningskampar. Berre tre av desse har gitt siger, og over halvparten av dei har enda med tap (sjå faktaboks).

Triste privatlandskampar

Her er fire grunnar til at publikum ikkje lenger møter fram til privatlandskampar på Ullevaal i særleg grad:

  • 29. mars 2016: Norge – Finland 2–0. Etter fleire kampar utan mål i privatlandskampar, losna det mot Finland. Men utover scoringane til Jo Inge Berget og Stefan Johansen var det lite å gle seg over. På tribunane sat berre 4675 tilskodarar. Fem dagar tidlegare hadde Norge møtt Estland borte. Resultatet? 0-0
  • 8. juni 2015: Norge – Sverige 0–0. Dette skulle vere oppkøyring til EM-kvaliken mot Aserbajdsjan fire dagar seinare. Norge spela trøysteslaust før pause, og vesentleg betre etterpå i kampen som var mest profilert som duellen mellom Ødegaard og Zlatan. Og mot Aserbajdsjan blei det også 0–0.
  • 12. november 2014: Norge – Estland 0–1. Denne kampen var også oppkøyring til kvalik-kamp mot Aserbajdsjan. Keeper Ørjan Håskjold Nyland bomma og let Estland score i første omgang. Verken før eller etterpå makta Norge å skape særleg mykje. Men i Aserbajdsjan fire dagar seinare vann faktisk Norge 1–0.
  • 27. august 2014: Norge – Foreinte Arabiske Emirat 0–0. Denne kampen gjekk i Stavanger, og manglande resultat og underhaldning ute på bana vart fullstendig overskygga av at det var første gongen Martin Ødegaard starta. Men siger og mål vart det uansett ikkje der heller.

– Unødvendig vonde

Lars Tjærnås

HAR UTSPELA SI ROLLE:–Verken publikum eller spelarane bryr seg mykje om privatlandskampar, dei har utspela si rolle, meiner Lars Tjærnås

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Fotballkommentator Lars Tjærnås meiner at det ikkje er vits i å spele meir enn maks eit par privatlandskampar i året.

– Dersom vi først skal spele privatlandskampar, må vi gjere det skikkeleg. Ikkje giddelaust og trøytt og svakt som i går, seier Lars Tjærnås. – Det svekkjer merkevara Norges fotballandslag.

Han meiner privatlandskampar på mange måtar har utspela si rolle.

– Spelarane ser ofte på kampane som eit unødvendig vonde. Publikum kan sjå toppfotball på tv kvar dag, og blir ikkje freista dersom vi ikkje møter topplag, seier Tjærnås.

– Fasit etter Tyskland-kampen

NRKs ekspert Lise Klaveness vil vente til etter Tyskland-kampen for å slå fast om førestillinga mot Kviterussland har negative konsekvensar.

– Fasiten på kva kampen mot Kviterussland i ettertid betyr, vil vi ikkje få før etter Tyskland-kampen søndag, seier NRKs Lise Klaveness.

Og utdjupar:

– Om Norge gjer ein god kamp mot Tyskland, betyr kampen i går ingenting. Då vil folk knapt nok hugse den. Men dersom Norge blir knust eller leverer ein dårleg kamp, blir det negative inntrykket av Kviterussland-kampen truleg forsterka, meiner Klaveness.

– Dersom tendensen med svake og innsatslause privatkampar held seg over lang tid, kan det gi negativitet som kan setje seg i laget og ha effekt også inn i dei teljande kampane.

– Men dessverre er ikkje Norge i posisjon til å kunne velje blant dei mest attraktive motstandarane, seier Klaveness.

Siste nytt

  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters
  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal