Hopp til innhold

Fall og hjerneristing i OL – verdsrekord i kveld

Allan Dahl Johansson slo enormt tilbake med juniorverdsrekord 3.40,14 på 3000 meter.

Allan Dahl Johansson

REKORD: Allan Dahl Johansson slår hardt tilbake etter OL-uhellet og sette junior-verdsrekord på 3000 m

Foto: GEWOAN DWAAN - DOUWE BIJLSMA

På 1500-meteren i OL pådrog han seg hjerneristing i fallet på 1500-meteren. Så omtåka var han at han ikkje hugsa månadene i året dagane etterpå.

Men i dag, to og ei halv veke seinare, leverte han eit kjempeløp og slo sin eigen juniorverdsrekord på 3000 meter i Salt Lake City med over eit sekund.

Video: Sjå rekordløpet her

Allan Dahl Johansson satte juniorverdensrekord på 3000 meter i Salt Lake City

– Fallet i OL gav meg all den motivasjonen eg behøvde for å gå fort, seier Johansson til NRK etter rekordløpet i Salt Lake City.

Jetlagen sat framleis i kroppen då han kom til Salt Lake City frå Korea, og han var derfor litt sein og ukonsentrert i starten.

Sjekka tavla etter fire rundar

– Så var planen å gå 28,6-rundar, men plutseleg blei det 28,1 på den første, seier han.

Deretter gjekk det jamt og fort.

– Etter fire rundar såg eg opp på tavla og såg at eg var på andre. Det var kanskje ikkje smart gjort, men eg gassa på og tok leiinga. Det var eigentleg eit godt løp, seier Johansson.

Så godt var det at han forbetra sin eigen juniorverdsrekord frå same bane i desember med over eit sekund – frå 3.41,19 til 3.40,14.

19-åringen er rekna som det neste stjerneskotet på den etter kvart gode norske skøytestammen. 1500-meteren i OL skulle bli hans store distanse og gjennombrot.

Men det enda i feilskjær og fall, og hjerneristing i kollisjonen med banekanten.

Brukar OL-fallet som motivasjon

Pyeongchang Olympics Speed Skating Men

FEILSKJÆR: Fallet og hjerneristinga i OL har Allan Dahl Johansson brukt til å motivere seg

Foto: Vadim Ghirda / AP

Men det har gått over. I staden har han brukt det som motivasjon.

– Det var kjipt at det skjedde, men eg har brukt det til å vere endå meir fokusert på trening. Til meir eg ser på det fallet, desto betre blir eg, seier Johansson.

Søndag skal han gå 1500-meter i Salt Lake City. På den distansen har han også sett juniorverdsrekord tidlegare i vinter – 1.43,13.

– Men eg har ikkje bestemt meg korleis eg skal angripe den, seier han.

– Vil vinne 5000 i junior-VM

Neste helg er det junior-VM, også det på rekordbana i Salt Lake City. Der vil han ikkje utrope seg sjølv som favoritt samanlagt, men går for to distansesigrar. Og spesielt siktar han seg inn på ein av dei.

– 5000 meter. Hovudmålet er å ta Håvard Bøkko sin rekord der, og å vinne. Samanlagt i allround er det eit veldig høgt nivå. 5000 og 1500 meter skal eg vinne. Så får 1000 og 500 bli som det blir, seier Allan Dahl Johansson.

Bøkkos juniorverdsrekord lyder på 6.18,93 og blei sett i Calgary i november 2005.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal