NRK Meny
Normal

Hamburg kan bli neste stopp for Ødegaard

Den spanske sportsavisa AS skriv i dag at Martin Ødegaard (17) truleg blir leigd ut frå Real Madrid. Han kan hamne i Hamburg.

Martin Ødegaard og Luka Modric

UTLÅN? Martin Ødegaard er framleis blant Real-stjernene, men ifølgje avisa AS skal han lånast ut

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

AS skriv at klubben skal ha eit møte med Martins far Hans Erik Ødegaard etter treningsleiren i Nord-Amerika for å diskutere seg fram til det beste alternativet. I mellomtida trenar Martin med resten av Real-stjernene i Amerika.

Det var VG som omtalte saka først her i landet.

Ødegaards agent Tore Pedersen vil ikkje seie noko om ei eventuell utleige.

– Ingen kommentar, er hans korte svar til NRK.

Real har tidlegare i sommar leigt ut to andre spelarar, begge til tyske klubbar. Bundesliga skal også vere førsteprioriteten til Ødegaard.

Til Hamburg?

Sport1.de skriv at Hamburg er ein aktuell klubb. Det melder også den tyske utgåva av Sky Sports.

– Real Madrid likar spelestilen i Bundesliga, seier AS-journalist Carlos Forjanes til VG. Det er han som har skrive om utleigeplanene.

Også i fjor sommar gjekk det rykte om at nordmannen skulle lånast ut. Men det vart ikkje noko.av. Ødegaard spela heile sesongen for reservelaget Castilla på nivå tre i den spanske ligaen. Klubben vann si avdeling, men makta ikkje å rykke opp via playoffen.

Første del av sesongen hadde Ødegaard Zinedine Zidane som trenar. Zidane har sidan januar vore hovudtrenar for Real Madrid.

Ville ikkja ha Ødegaard med

Ødegaard er med på treningsleiren i Nord-Amerika, trass i at Zidane i utgangspunktet ikkje ville ha han med. Men ifølgje squawka.com skal klubbpresident Florentinao Perez ha pressa Zidane til å ta nordmannen med, i det som har vore den første krangelen mello Zidane og klubbpresidenten.

Kontrakten seier at Ødegaard skal trene med Reals A-lag fem dagar i veka. Men både Zidane og hans forgjengar Rafael Benitez meiner den norske 17-åringen ikkje har klart å tilpasse seg nivået på treningane.

Ødegaard har berre spela ein A-kamp for Real – mot Getafe i sesongavslutninga i mai 2015.

Real skal spele tre kampar i Amerika der det er venta at Ødegaard får speletid. Så skal klubben tilbake til Europa igjen og møte Sevilla i supercup-finalen på Lerkendal 9. august.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal