Capello: – Norge har interessante spelarar

...Og det var stort sett alt sjernetrenar Fabio Capello ville seie om sin neste motstandar.

Fabio Capello

DEN STORE STJERNA PÅ ULLEVAAL: Russland-trenar Fabio Capello.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

ULLEVAAL STADION (NRK.no): – Norge har eit interessant lag. Eg såg dei mot Frankrike. Dei gjorde enkelte gode ting, men også ein del feil. Det seier seg sjølv at du gjør enkelte feil når du taper 4-0, sa den tidlegare Real Madrid-, AC Milan-, Roma- og Juventus-sjefen.

Den italienske trenargiganten nekta å snakke om enkeltspelarar på det norske landslaget då han møtte til pressekonferanse på Ullevaal stadion.

– Men eg såg enkelte nye og gode spelarar, sa Capello kort.

Tidlegare i kveld leia italienaren Russlands siste trening før møtet med Norge. Der drilla han mannskapet som også skal møte Belgia, Algerie og Sør-Korea i VM-gruppe H om nøyaktig to veker.

Har stramma opp russiske stjerner

Capello har enorm rutine som trenar, og er russisk fotballs trumfkort fram mot VM på heimebane i 2018.

Som trenar har han også gått på styggare nederlag enn det Per Mathias Høgmo måtte tole mot Frankrike tysdag. Under VM i 2010 leia Capello England, som tapte heile 4-1 for Tyskland i åttedelsfinalen.

No får jernmannen ein ny VM-sjanse for eit russisk lag som har blitt ekstremt stabile under Capellos leiing.

Laget, som snubla i kvalifiseringa til VM i 2006 og 2010, har bare tapt to gangar på 18 kampar med italienaren på benken.

– Det viktigste ordet for meg er «respekt»

Elleve av 18 gangar har Russland gått triumferande av banen. 67-åringens krav om knallhard disiplin har etter alt å dømme gitt spelarane stor sjølvtillit.

– Du treng alltid disiplin når du du jobbar sammen med nokon. Ikkje anarki. Det er noko anna. Men det viktigste ordet for meg er respekt. Ikkje bare disiplin, sa trenargiganten då han blei spurt om kvifor disiplin var så viktig for han.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal