NRK Meny
Normal

NRKs ekspert: – Norge er soleklar VM-favoritt

Geir Oustorp er ikkje i tvil etter at fleire av medaljefavorittane rauk ut av VM i kvartfinalene.

Håndball

FAVORITTANE: Norges jenter jublar etter siger over Montenegro. Dei fleste andre favorittane er slått ut

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

– No må vi våge å seie at vi er favorittar, seier NRKs ekspert Geir Oustorp etter sigeren over Montenegro i kvartfinalen.

I går rauk både Russland, Danmark og Frankrike ut av VM i kvartfinalene.

– No ligg det til rette for Norge. Vi har Romania i semifinalen, og Nederland møter Polen i den andre, seier han.

– Kor sikker er du på at Romania er ein overkomeleg motstandar?

– Det er eg ikkje sikker på. Dei har spela seg sterkt opp etter at vi møtte dei sist, seier Oustorp, og siktar til den Norges 26-22-siger i gruppespelet før helga.

Satsa på åttedelsfinale

Geir Oustorp

VÅGAR Å SEIE DET: - Norge er soleklare favorittar, meiner Geir Oustorp

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Romania sa før VM at dei satsa på åttedelsfinale. No har dei nådd mykje lenger enn det, seier Oustorp. Romania slo vertslandet Danmark 31-30 etter ekstraomgangar i kvartfinalen.

– Likevel passar det oss nok betre enn Danmark med 12.000 tilskodarar i ryggen.

Oustorp trur det er positivt at Norge har møtt Romania før.

– Vi veit kva vi går til. Vi veit vi møter beste spelaren i verda, Cristina Niagu, som laga 15 mål mot Danmark. Men vi hadde god kontroll på henne i gruppespelet, og vi får håpe at vi held fram der, seier han.

– Gode europeiske lag igjen

– Kva betyr det at så mange av favorittane allereie er slått ut?

– Det er gode europeiske lag som er igjen. Polen kom til semifinalen i EM i fjor også. Nederland har fått på plass målvaktspelet og har mange gode spelarar. Og Romania er også gode, det veit vi.

– Men det er klart at dette fråfallet gjer Norge til soleklare favorittar, seier Geir Oustorp.

Norge er to kamper unna VM-triumf, men blir allerede utropt til gullvinner.
Men landslagssjefen advarer: Romania blir den tøffeste motstanderen på lang tid. Bilder med tillatelse fra TV2.

SE VIDEO: TV-saken om de norske gullfavorittene.

Siste nytt

  • Tre strake for Kokslien

    Mikko Kokslien vant tre renn på rad i Colorado i USA i helgens kontinentalcup i kombinert.

    Tre seirer på rad gjør at han også leder kontinentalcupen suverent sammenlagt, melder NTB.

    Holmenkollen skifestival. 10 km. kombinert
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Barcelona har luke

    Barcelona cruiset inn til 4-0-seier hjemme mot Deportivo La Coruña søndag. Luis Suárez og Paulinho ble begge tomålsscorere for den spanske La Liga-lederen. De leder med seks poeng på Atletico Madrid.

    Luis Suárez
    Foto: Stanley Chou / Getty Images

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Uttak landslagstroppen til håndball-EM for menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm, menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn