Hopp til innhold

– Nesten like stor skandale som avsløringa av Lance Armstrong

Henrik Ingebrigtsen samanliknar avsløringa av Asbel Kiprop med tidenes største dopingskandale.

Henrik Ingebrigtsen og Asbel Kiprop fra Kenya (t.v.) før drømmemila for menn under Bislett Games på

KONKURRENTAR: – Eg er godt nøgd med å ha slått han, seier Henrik Ingebrigtsen (t.h.) om sin no doping-avslørte konkurrent Asbel Kiprop (t.v.)

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– På 1500 meter er dette nesten ein like stor skandale som då Lance Armstrong blei tatt, seier Henrik Ingebrigtsen til NRK.

Armstrong er den mest profilerte dopingavsløringa i idrettshistoria. Amerikanaren var nesten uovervinneleg i mange år, og vann Tour de France i ikkje mindre enn sju år på rad. Det var titlar han måtte gi frå seg fleire år seinare då han blei avslørt som dopar.

Men i dag blei det stadfesta at Asbel Kiprop (28) for eit halvt år sidan avgav positiv dopingprøve. Sjølv nektar kenyanaren for å ha gjort noko gale.

– Ingen kven som helst som no er tatt

Kiprop har vore den tøffaste konkurrenten til Ingebrigtsen-brørne på 1500 meter.

– Det er Kiprop som har vore den store løparen som alle har målt seg mot. Han er den som har vore best og som har sprunge raskast på 1500 meter i dei siste åra. Det er ikkje ein kven som helst som er avslørt, seier eldstemann Ingebrigtsen.

Kiprop fekk gullet på 1500 meter i OL i 2008 etter at Rashid Ramzi blei tatt for doping. Seinare har han tatt tre VM-gull på distansen.

– Har han juksa, er det bra han blir tatt, seier Henrik Ingebrigtsen.

– Eg kjenner at eg er veldig skuffa over at ein av dei beste løparane i verda gjennom dei siste åra er dopa. Men eg er godt nøgd med å ha slått han fleire gonger.

Område med få dopingtestar

Jakob Ingebrigtsen

SKUFFA: – Dette er irriterande for alle som har slite for medaljar og gode plasseringar, seier Jakob Ingebrigtsen

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Har du hatt mistanke?

– Han har sprunge veldig raskt, og kjem frå eit område i Kenya der det er få dopingtestar. Med mangel på kontrollar kan dei gjere som dei vil. Så kjem dei til Europa og spring fort når dopinga er ute av systemet. Så du veit aldri. Men eg har ikkje mistenkt han berre fordi han er god.

Også Jakob Ingebrigtsen er skuffa over kenyanaren:

– Det er irriterande og tragisk for alle løparane som har slite for medaljar og gode plasseringar.

– Trur du han har dopa seg over lang tid?

– Mest truleg har folk som er tatt for doping, dopa seg over lengre tid. Det er ein ekstra motivasjon å vite at vi slår dei som er dopa, seier Jakob, som likevel ser eit lyspunkt i det som har skjedd.

– Dopingarbeidet er heilt klart på veg opp når dei klarer å ta den beste 1500 meter-løparen gjennom fleire år.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal