NRK Meny
Normal

– Nervøsiteten blir verre og verre

Han er ein av landets mest erfarne trenarar. Men Vipers Kristiansand-trenar Gunnar Pettersen (59) vedgår at han er særs nervøs føre seriepremieren til helga.

Intervju med trener i Vipers Kristiansand, Gunnar Pettersen før sesongstarten i håndball.

NETT-TV: Se intervjuet med Vipers-trenar Gunnar Pettersen.

– Nervane er der. Eg starta som trenar som 25-åring, og landslagstrenar som 33-åring. Eg var nervøs føre kvar einaste kamp. Eg tenkte at dette blir betre med åra, men det blir berre verre, ler Vipers-trenaren.

Vipers Kristiansand

Søndag startar serien for Vipers Kristiansand. Dei møter Byåsen i Trondheim.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kristine Lunde Borgersen

Kristine Lunde Borgersen er tilbake på Vipers-laget.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg høyrer at mange trenarar og spelarar før konkurransar blir spurt «gler du deg?» «Ja ja. Vi gler oss enormt». Eg trur 90 prosent lyg. I beste fall så «gledgruar» dei seg, seier han.

Møter Byåsen i serieopninga

Gunnar Pettersen har mellom anna vore herrelandslagssjef i to periodar. Først frå 1989 til 1994. Så frå 2001 til 2008. I mellomtida var han også trenar i Larvik.

59-åringen har også hatt ei innhaldsrik spelarkarriere med 132 kampar og 445 mål.

Etter ei rekkje sesongar på nedre halvdel av tabellen skal Vipers no ta opp kampen med dei beste laga i landet.

I tillegg til Pettersen er fleire spelarforsterkningar henta inn. På sikt er målet å utfordre Larvik.

– Vi har mange nye spelarar, men eg føler vi er komme langt, seier Pettersen.

Trur på siger i serieopninga

Søndag leiar han Vipers Kristiansand i sin første seriekamp. Motstandar er Norges nest beste lag dei siste åra, Byåsen.

– Eg er spent, som dei fleste andre i klubben. Fordelen er at ingen ventar at vi skal slå Byåsen borte. Slik sett er det ein grei start. Det er vel stort sett berre Larvik som slår dei i Trondheim, seier Pettersen.

– Trur du at de kan slå dei?

– På vårt beste kan vi det. Vi har spelt åtte treningskampar. Er vi innom nivået som vi har hatt på vårt beste har vi reelle moglegheiter, seier trenaren.

Gunnar Pettersen

Vipers Kristiansand-trenar Gunnar Pettersen er nervøs føre seriepremieren.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tøff seriestart

Vipers Kristiansand får ein tøff start på sesongen.

I tillegg til Byåsen møter dei fjorårets bronsevinnar Tertnes, og regjerande seriemeister Larvik i løpet av dei fem første kampane.

– Fordelen er at vi er ferdig med tre av dei beste allereie etter fem kampar. Vi kan ha to poeng, eller vi kan ha åtte poeng etter dei fem første. Halden bør vi slå. Larvik borte slår vi ikkje. Dei har ikkje tapt på ein del år i serien, så det er naivt å tru, seier han.

Medan sportsleg leiar Peder Langfeldt og keeper Sakura Hauge siktar mot medalje, trur Pettersen at det blir tøft.

– Klarer vi topp fem trur eg vi skal vere veldig nøgde. Larvik er einaren, Byåsen toaren. Oppsal har forsterka seg desidert mest. Storhamar har vore oppi der. Då har du allereie fire. Då har vi ikkje nemnt hardtsatsande Glassverket og Tertnes. Topp fem blir hardt nok, seier Pettersen.

Terminliste Vipers Kristiansand 2014/15

Dato

Kamp

Arena

07.09.14

Byåsen Elite - Vipers Kristiansand

Nidarøhallen

10.09.14

Vipers Kristiansand - Tertnes

Aquarama

14.09.14

Glassverket - Vipers Kristiansand

Drammenshallen

24.09.14

Vipers Kristiansand - HK Halden

Aquarama

27.09.14

Larvik - Vipers Kristiansand

Arena Larvik

05.10.14

Vipers Kristiansand - Storhamar

Aquarama

18.10.14

Vipers Kristiansand - Fredrikstad

Aquarama

29.10.14

Nordstrand - Vipers Kristiansand

Bjørnholthallen

16.11.14

Vipers Kristiansand - Oppsal

Aquarama

22.11.14

Skrim Kongsberg - Vipers Kristiansand

Kongsberghallen

07.01.15

Vipers Kristiansand - Stabæk

Aquarama

14.01.15

Vipers Kristiansand - Byåsen Elite

Aquarama

18.01.15

Tertnes - Vipers Kristiansand

Haukeland

25.01.15

Vipers Kristiansand - Glassverket

Aquarama

08.02.15

HK Halden - Vipers Kristiansand

Remmenhallen

11.02.15

Vipers Kristiansand - Larvik

Aquarama

18.02.15

Storhamar - Vipers Kristiansand

Prestrudhallen

01.03.15

Fredrikstad - Vipers Kristiansand

Kongstenhallen

08.03.15

Vipers Kristiansand - Nordstrand

Aquarama

11.03.15

Oppsal - Vipers Kristiansand

Oppsal Arena

25.03.15

Vipers Kristiansand - Skrim Kongsberg

Aquarama

28.03.15

Stabæk - Vipers Kristiansand

Nadderudhallen

Siste nytt

  • La Liga-trener frir til Iniesta

    Quique Setién, trener for den spanske La Liga-klubben Real Betis, bønnfaller Barcelona-veteranen Andrés Iniesta om å fortsette karrieren i Spania. Spanske medier har spekulert i om Iniesta er på vei til Kina, men Setién ønsker det annerledes. – Vi skylder Iniesta så mye. Det er en fantastisk mann bak den fantastiske spilleren. Dette er min måte å takke ham på, sier Setién til klubbens hjemmeside.

    Laster Twitter-innhold
  • Chile klar for fotball-VM

    Chile er klar for sitt første fotball-VM for kvinner etter at de slo Argentina 4-0 i siste runde av Copa America. Seieren betyr at Chile endte på andreplass i turneringen, som igjen betyr at de kan bestille billetter til VM i Frankrike i 2019. Brasil vant turneringen, og er dermed klar for både VM og Tokyo-OL i 2010.

    FBL-WOMEN-AMERICA CUP-ARG-CHI
    Foto: CLAUDIO REYES / AFP
  • Martinsens IceHogs med ny seier

    Andreas Martinsen ser ikke ut til å bli tilgjengelig for det norske landslaget med det første. Søndag vant hans AHL-lag Rockford IceHogs 5-2 hjemme mot Chicago Wolves, og dermed leder IceHogs 2-0 i best av fem kamper. Ishockey-VM starter 04. mai.

    martinsen for norge
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Pressekonferanse: Presentasjon av elitelagene i langrenn
NRK Sport Live
Best i verden: Martin Schanche - Rattets Messias
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Odd - Sarpsborg 08