– José Mourinho ser ut til å vere i krig med spelarane sine, seier BBCs kommentator Martin Keown.
Det er spesielt forholdet mellom Mourinho og Paul Pogba som har stått i fokus den siste tida.
Sky Sports har vore på United-trening i dag, og melder om tilsynelatande isfront mellom Mourinho og Pogba, som i går blei fråteken rolla som visekaptein. Tidlegare skal det ha kome til krangel mellom dei, men begge partar nektar for det.
Kampen i går såg han frå tribunen.
Sist helg makta United berre 1–1 heime mot Wolverhampton i ligaen. I går blei Manchester United slått ut av ligacupen allereie i 3. runde. Kampen mot Derby på Old Trafford enda 2–2 før Derby vann på straffer.
– Jobben hans er neppe trua
NRKs kommentator Thore Haugstad trur ikkje Mourinho får sparken, trass i dei dårlege resultata.
– Jobben hans er mindre trua enn ein skulle tru, ettersom han har sterk støtte frå klubbdirektør Ed Woodward, som gav Mourinho ny kontrakt i januar. Dessutan vil det bli veldig dyrt for klubben å sparke han, seier Haugstad.
Han meiner likevel at Mourinho må ta grep, fordi det er spelet som er dårleg.
– Uniteds problem er store, fordi laget ikkje spelar bra. Det er ingen enkeltfaktor som er grunnene, som små marginar, manglande avslutningar eller tabbar i forsvar. United spelar rett og slett ikkje god fotball og heng ikkje saman. Det er det som uroar.
– Problema har vore såpass vedvarande denne sesongstarten at ein må spørje seg om det kjem til å bli betre. Med bakgrunn i Mourinhos historikk om å forlate klubbar etter tre år, er det ingenting som tyder på at det vil snu, dersom ikkje han gjer noko heilt nytt.
– Er Mourinho i ferd med å miste garderoben?
– United har ingen store spelarar som har kapasitet til å leie eit opprør. Men det kan hende det er nokon som i det stille tek til å tenke at dette ikkje går, seier Haugstad.
– Store forventningar som klubben må handtere
Henning Berg spela på Manchester United på slutten av 90-talet og følgjer framleis med på gamleklubben.
– Dei har intern uro, og det er ei utfordring. Med den troppen dei har, forventar ein gode resultat. Med den trenaren dei har, er også forventningane større, og det må klubben handtere.
– Kva hadde du tenkt om du spela på laget i dag?
– At eg for det første skulle prestere best mogeleg, for det andre hjelpe dei andre så godt eg kunne, seier Berg til NRK.
Han understrekar at han ikkje kjenner saka med Pogba godt nok til å kunne uttale seg.