– De har jo prøvd å bryte oss ned så godt de har kunna i mange månader. Det er hardt når du jobbar livet av deg heile døgnet, heile året – og så blir ein slakta i media kvar veke, seier Johnsrud Sundby.
Han seier planen heile sesongen har vore å nå toppformen i VM.
– Det har vi prøvd å fortelje. Det er deilig å vinne VM-gull, men det hadde kanskje vore endå betre om de hadde backa oss litt.
«Payback»
Matti Heikkinen var det lite å gjere med tysdag, men Eldar Rønning og Martin Johnsrud Sundby imponerte alle med sølv og bronse på den knallharde 15 kilometeren i klassisk stil.
LES:
– Dette er utruleg godt, for de har vore mykje imot oss, sa han etter målgang.
Sesongen har vore tung for dei mannlege løparane. Forutan Petter Northug er det berre sprintar Ola Vigen Hattestad som har greidd å karre seg inn blant dei 20 beste i verdscupen.
Johnsrud Sundby føler bronsemedaljen var ein «payback» overfor media etter å ha fått «mye pepper i avisene hver uke».
– Vi jobbar livet av oss heile året for å gå for Norge, og det er ikkje «bare-bare» å takle, seier han.
Vurderte Alsgaard
Fleire ekspertar har påpeikt svake enkeltresultat bak Petter Northug denne vinteren. Sist ute var Thomas Alsgaard, som meinte v-cup-sesongen har vore nedslåande.
LES:
Så skralt har det vore på distanserenna at landslagssjef Åge Skinstad forhøyrte seg med ski-pensjonist Alsgaard om han kunne vere aktuell for VM.
LES:
NRKs ekspertkommentator tok nemleg ein sensasjonell bronsemedalje under NM for ein månad sidan.
LES:
Artikkelen held fram under videoen.
– Må leggje Petter-ballen død
Sjur Røthe meiner tirsdagens 15 kilometer beviser at norsk herrelangrenn har mykje meir å by på enn Petter Northug jr.
– Den ballen kan vi leggje død no, sa han etter sjølv å ha gått i mål til 21. plass på 15 kilometeren i VM.
I tillegg til Rønning og Johnsrud Sundby sine medaljar, imponerte VM-reserven Petter Eliassen med 15. plass på den klassiske distansen.
– Eldar og Martin viser i dag at dei kan gå verkeleg fort, og det kjem fleire bak som har lyst til å vise seg fram. Det er definitivt ikkje berre Petter lenger, seier Røthe.
– Må foredle fleire
Trenar Vidar Løfshus meiner Rønning og Johnsrud Sundby har hatt nivået inne i fleire år.
– Men dei har slitt med å få det ut. Så har dei gjort nokre små justeringar, og då var vi der, seier han.
Løfshus meiner landslagsleiinga framleis har ein jobb å gjere med dei nest beste løparane.
– Vi har tre-fire-fem menn som er gode, så skal vi gjere ein jobbe med å foredle dei, seier landslagstrenaren.