På laurdag barkar Rosenborg og Brann saman for første gong sidan hausten 2014. Der møtest også Pål André Helland og Sivert Heltne Nilsen. Rivaliseringa mellom dei har foregått heilt sidan tida sidan i dei var lagkameratar i Hødd.
– Temperaturen var so høg på trening, at me fleire gonger blei sendt heim. Men eg trur det er det som gjer at me er komne so langt, den ærgjerrigheten som gjer at begge gir alt for å vinne, seier Pål André Helland.
Sendt heim gong på gong
Også Heltne Nilsen hugsar godt kampane mellom dei to kompisane på trening.
– Det skjedde vel ganske ofte at me blei sendt heim. Me hadde mange fightar.
I botn av den tøffe behandlinga på bana ligg eit brennande ønske om å vinne, og i alle fall ikkje å tape for kvarandre.
– Me var i klinsj ganske ofte på trening. Begge to ville vinne, og det er sånn det skal vere. Helland er ein god ven av meg, seier Heltne Nilsen.
Lovar smell
Sist gong dei to møttes i kamp var Vålerenga-Rosenborg i fjor haust. Der var duellane mange og harde. Det fekk Heltne Nilsen kjenne godt.
– Sist gong eg var der fekk eg merke Pål på kroppen, og slik blir det vel no også.
–– Det har alltid vore høg temperatur. Me er gode kompisar, er glade i å vinne, og hatar å tape. Då smell det, seier Helland.
Om utfallet i kampen er Helland ikkje i tvil om kven som stikk av med sigeren
– Viss me spelar på vårt beste har ikkje Brann sjans. Då er me eit betre fotballag.
Det underdog-stempelet trivst Heltne Nilsen godt med.
– Me har låge forventningar, og skal gi alt for å ta tre poeng. Denne kampen har me sett fram til sidan me rykka opp.
Har sympati for Brann
Sjølv om Helland ser på Brann som rivalar, tykkjer han synd på dei etter gårsdagens cup-smell.
– Det er sjølvsagt betre for oss at Førde er med vidare, men det er ikkje artig for dei. Eg har litt sympati med dei.
Men han er likevel klar på at dei ikkje får noko spesialbehandling mot trønderane.
– Det er ingenting som smakar betre enn tre poeng i helga. Dei skal få det tøft på Lerkendal.