NRK Meny
Normal

– Marit Bjørgen som landslagstrenar kunne bidratt til mange gode prestasjonar

NRKs ekspert håpar å sjå Marit Bjørgen som sentral i norsk langrenn i mange år enno, sjølv om OL-karrieren er over.

Bjørgen med gullmedaljen

HISTORISK: Tidene vinterolympiar Marit Bjørgen tek imot sitt åttande og siste OL-gull. – Ho er eit førebilete for heile langrennsverda, meiner NRKs ekspert

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Marit Bjørgen fekk ei perfekt avslutning på sin OL-karriere. På dagens tremil klaffa alt perfekt for Bjørgen, som med sitt gull inntok posisjonen som tidenes vinterolympiar.

– Ho er eit førebilete for heile langrennsverda. Ho går i ei eigen klasse i dag, og vinn på ein overlegen måte, og er betre teknisk og taktisk, og meir uthaldande. Det er veldig gledeleg på ein dag når ho blir historisk, seier NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland.

– Kva med Bjørgen no, etter at ho seier at ho har gått sitt siste olympiske renn?

Aukland

EKSPERT: Fredrik Aukland meiner Marit Bjørgen med sin posisjon i langrennssporten kunne bidratt sterkt dersom ho blir landslagstrenar

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det veit berre Marit Bjørgen sjølv. Alle vil sjå henne i VM i Seefeld om eit år. Men det spørst på motivasjonen, seier Aukland,

Landslagstrenar?

Og han ser lenger framover:

– Marit Bjørgen som trenar for eit norsk landslag kunne bidratt til mange gode langrennsprestasjonar i framtida. Ho har ein enorm kunnskap og veit kva som skal til for å prestere. Det ville også vere positivt å få ein kvinne inn i eit så mannsdominert yrke.

Det er ei framtid skipresident Erik Røste også kan sjå for seg.

– Den dagen ho bestemmer seg for at ho har lyst til noko slikt, skal vi snakke saman, seier Røste til NRK. – Men eg håpar det blir lenge til (ho gir seg som aktiv), og eg vil ikkje ta opp det før ho har nestemt seg.

– Ho har ein kompetanse som både skiforbundet og andre kan ha glede av.

Haga: – Ho hadde blitt heilt rå

OL-gullvinnar Ragnhild Haga ville ha gledd seg over å ha Bjørgen som trenar.

– Ho hadde blitt heilt rå. Ho gir alltid gode råd når ein spør. Og vi treng kvinner i støtteapparatet, seier Haga. – Men ho treng kanskje ein pause frå toppidretten den dagen ho legg opp, legg Haga til.

– Den dagen kjem det til å bli eit tomrom. Ho har vore ein vegvisar lenge., seier ho.

Bjørgen sjølv vil heller ikkje seie noko om si framtid, utover at fleire OL-startar blir det ikkje.

– Er du heilt ærleg når du seier at du ikkje har bestemt deg for å du skal satse vidare?

– Ja.

– Kan bli motivert av Johaug

marit bjørgen og therese johaug

MOTIVASJON: Therese Johaugs tilbakevending til landslaget kan ha betydning for Bjørgens vidare motivasjon. – Det hadde vore veldig hyggeleg å avslutte karrieren på eit stafettlag med Therese , seier Bjørgen.

Foto: Privat

Therese Johaug har vore utestengd i eitt og eit halvt år etter sin dopingdom. Ho er snart ferdig med utestenginga, og ser fram mot VM i Seefeld om eit år.

Aukland trur kanskje Therese Johaug kan bety litt for den avgjerda.

– Kanskje kan Thereses comeback og måten Marit kan hjelpe henne på vere den motivasjonen som skal til. Vi veit at dei har eit tett forhold, og Marit kan hjelpe Therese tilbake til VM. Det kan gi motivasjonen Marit treng til å halde fram, seier Aukland.

Familieråd

– Kven er med på å bestemme?

– Det går mest på mine eigne kjensler, men det må også eit også familieråd til. Fred Børre (Lundberg) har vore fantastisk dei siste to åra, og stilt opp for at eg skulle kome hit og vere med og ta medaljar, seier Marit Bjørgen, og vedgår at det til tider har vore tungt å vere så lenge borte frå sonen Marius.

Derfor kom tårene på oppløpet på dagens tremil.

– Det hadde vore veldig hyggeleg å avslutte karrieren på eit stafettlag med Therese Johaug, seier Bjørgen.

Siste nytt

  • Brun og Strandli til finale

    Kristoffer Brun og Are Strandli var best i sitt semifinaleheat og tok seg til søndagens finale i lettvekt dobbeltsculler i verdenscupen i roing lørdag.

    Nordmennene klokket inn til 6.18,80.

    roing
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Sverige-spillerne friskmeldt

    Pontus Jansson, Filip Helander og Marcus Rohdén har alle slitt med magetrøbbel.

    Nå melder Aftonbladet at alle tre er på plass i Sotsji, og at de er spilleklare til lørdagens kamp mot Tyskland.

    – Vi er spilleklare, sier både Rohdén og Helander til avisen.

    FBL-WC-2018-SWE-PRESSER
    Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP
  • Mollekleiv vil bli idrettspresident

    Etter å ha blitt kontaktet av både særforbund og kretser, åpner Sven Mollekleiv (63) for å erstatte Tom Tvedt som idrettspresident om ett år, skriver VG.

    Han er best kjent som tidligere toppsjef i Norges Røde Kors. Valget skjer på idrettstinget.

    Dommerkonflikt i NFF
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
FIFA Fotball-VM 2018: Belgia - Tunisia
VM-studio Fotball-VM 1998, menn, Frankrike: Brasil-Norge
Veien til VM: Mexico og Kroatia
VM fotball: Sør-Korea - Mexico
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Sør-Korea - Mexico
FIFA Fotball-VM 2018: Sør-Korea - Mexico
FIFA Fotball-VM 2018 Sør-Korea - Mexico og eliteserien Molde - Stabæk
FIFA Fotball-VM 2018: Tyskland - Sverige