NRK Meny
Normal

– Må vinne begge renn i Kvitfjell

Heimefavoritt Kjetil Jansrud har ikkje gitt opp kampen om samanlagttriumf i verdscupen.

NRK utfordret Kjetil Jansrud til å prøve å ta memoreringen så tidsriktig som mulig. Han bommet med ca 30 hundredeler.

VIDEO: Heimefavoritt Kjetil Jansrud har stålkontroll på samtlege hopp og svingar i Kvitfjell. NRK tok tida då Jansrud gjekk gjennom løypa han truleg kjenner best av alle i verdscupen. Sjå 29-åringens imponerande visualisering her!

– Kall det ein semifinale, seier Kjetil Jansrud framfor utfor- og super-G konkurransane i Kvitfjell.

Utfor-vidunderet snakkar om kampen om det gjeve samanlagttroféet i verdscupen.

Jansrud ligg på 2. plass, 188 poeng bak austerrikske Marcel Hirscher, som har 1128 poeng så langt.

Så mange poeng treng Jansrud

No er Jansrud på heimebane og kan ta verdscupleiinga tilbake, men bare om han vinn begge renn.

29-åringen har vunne åtte verdscuprenn i karrieren. Tre av dei er sikra i Kvitfjell.

Men å vinne totalcupen framfor ein Hirscher i superform blir svært vanskeleg.

I alle fall når Jansrud, som droppa storslalåmen i VM for å trene seg opp til dei resterande fartsrenna i verdscupen, feila med 14.-plass i Saalbach-utforen og 19.-plass i Garmisch-utforen.

– Eg må nok vinne begge renn her i Kvitfjell og dei to resterande fartsrenna i verdscupfinalen for å ha ein sjanse til å slå Hirscher, seier Jansrud.

– I tillegg må eg ta meir poeng enn Hirscher i dei resterande storslalåmrenna. Det blir vanskeleg om han held fram som han har gjort den siste tida.

Jansrud reknar med at han må ta 480 poeng for å ha ein viss sjanse til å slå Hirscher, som skal sikre sine poeng gjennom sterk køyring i slalåm. 400 poeng kan han ta ved å vinne dei gjenståande utfor- og super-G-renna.

Jansrud

TROFÉJAKT: Kjetil Jansrud er i rute til å vinne både utfor- og super-G-cupen samanlagt. Sjansen for å vinne verdscupen samanlagt er tilstades, men då må han ta dobbelttriumf i Kvitfjell denne helga.

Foto: Alessandro Trovati / Ap

Må feile

Førre søndag knuste Hirscher resten av verdseliten med ei margin ein nesten aldri har sett maken til.

Austerrikaren vann med tredje største margin gjennom tidene i verdscupen i storslalåm i Garmisch-Partenkirchen.

Ned til tyske Felix Neureuther på andreplass var det heile 3,28 sekunder. Veteranen Benjamin Raich blei nummer tre, heile 3,44 sekunder bak.

Hirscher herjar, men Jansrud har ikkje gitt opp kampen om samanlagttriumf.

– Om eg drar herfra med 200 poeng (triumf i utfor og super-G) er det eit visst trykk på Hirscher. Då må han køyre raskt for å ha litt forsprang til verdscupavslutninga, seier Jansrud.

29-åringen frå Vinstra leier både super-G-cupen og utforcupen. Denne helga kan han vinne samanlagt i begge konkurransar for aller første gang.

Siste nytt

  • Graabak sliter – dropper samling

    Tidligere OL-vinner Jørgen Graabak får ikke kroppen til å fungere. Nå har 26-åringen droppet et planlagt høydeopphold med kombinertlandslaget og reist hjem for å finne ut hva som er galt, ifølge Adresseavisen.

    Jørgen Graabak
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Olic tilbake for Kroatia

    Tidligere stjernespiss Ivica Olic er tilbake i Kroatias landslag. Han blir assistent for den nye landslagssjefen Zlatko Dalic. – Det er en ære å være del av Kroatias landslag igjen, denne gang i en annerledes rolle, sier Olic til forbundets nettsted.

    UEFA-CUP
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
  • Dømt for promillekjøring

    Nord-Irlands landslagssjef Michael O'Neill er fratatt førerkortet i 16 måneder og idømt en bot på 1300 pund for promillekjøring. O'Neill ble stoppet i utkanten av Edinburgh i september. Han blåste rødt, og hadde promille på tre ganger tillatt nivå.

    VM-kvalfiseringskamp i fotball, Norge - Nord-Irland (1-0).
    Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Europa League: Zenit - Rosenborg