Aukland har fått med seg at Petter Northug har gått på ein treningssmell. Han meiner utøvarar kan unngå feiltrening om trenaren har full kontroll.
– Det er ofte ein viktig jobb for ein trenar å seie no er det nok og faktisk sette på handbrekket, seier han til NRK.
Aukland sin filosofi som trenar er å stanse utøvarar som vil trene for mykje.
– Eg har hatt mange utøvarar som er meir villege til å trene ei ekstraøkt enn ei økt mindre, seier han.
- Les:
- Les:
– Kunne ikkje skjedd Cologna
Aukland har ansvaret for ein av dei beste skiløparane i verda, stjerneløparen Dario Cologna. Han er sikker på at noko liknande som har skjedd med Northug, ikkje skal skje med Cologna.
– Ja, det er eg. Vi har ein dialog om dette heile tida, seier Aukland.
Men han vil ikkje kritisere nokon spesielle i det norske landslagssystemet om Northug.
– Eg håpar og trur at dei har kontroll på det som skjer, seier han.
Northug har vore nøydd å stå over to verdscuphelgar på grunn av for mykje trening. Ingen veit når Northug kan konkurrere igjen.
- Les:
- Les:
– Har stålkontroll
Landslagstrenar Morten Aa Djupvik held fast på at han har hatt og framleis har stålkontroll på sin elev.
– Petter trenar ikkje meir enn mange andre, seier Djupvik.
– Har du full kontroll på kva han trenar og kva han gjer?
– Ja, det har eg full kontroll på, slår han fast.
Sjølv om Aukland meiner det berre er total kontroll frå trenaren som kan hindre feiltrening, så strekar han under at også utøvarane har eit stort ansvar.
– Og det er kanskje der dei beste utøvarane skil seg frå dei nestbeste. Dei veit akkurat når dei må kvile og dei kjenner kroppen veldig godt og det er berre utøvaren sjølv som kan seie stopp.
- Les:
- Les:
- Les: