Jansen - som også er sportsleg leiar for Stabæks kvinnelag - meiner dette er ei enkel og rask løysing i arbeidet med å utnytte
til å heve interessa for norsk klubbfotball for kvinner.– Den sjansen har vi no, etter den fantastiske sjansen som landslaget har gitt oss. No må alle som er involverte i kvinnefotball både i klubbar og forbund ta tak for å bygge på det som landslaget leverte i EM.
Og minst ein kvinnekamp på laurdagskupongen kvar veke med toppseriekampar er ein "quick-win", ein enkel og rask måte å få vist fram klubbkampane på, seier Jansen til NRK.
– Eit lite triks som kunne gitt stor effekt
I dag står mange av kampane på Norsk Tippings oddskupong, men ikkje på den tradisjonelle tippekupongen.
– Er ikkje interessa for den tradisjonelle tippekupongen blitt nokså liten?
– Nei, vi ser at det framleis er interesse for den. Det går nokre spaltemeter også til tippekupongen. Vi er veldig glade for at vi er på oddskupongen, men vi skulle svært gjerne vore også på tippekupongen.
– Om minst ein av kampane stod på kupongen, hadde dei som lagar tippetips i avisene blitt tvinga til å vurdere også desse, og dermed ville kunnskapen om kvinnefotball også blitt større. Det er eit lite triks som kunne gitt oss mykje hjelp frå media. Og Norsk Tipping har vore ein god samarbeidspartnar for norsk kvinnefotball i årevis, seier Jansen.
Norsk Tipping er positiv
Serieforeningen har tidlegare vore i kontakt med Norsk Tipping om dette. Kommunikasjonsdirektør Einar Busterud i Norsk Tipping seier at det er uaktuelt med dagens primære kamptidspunkt, laurdag kl 15.
– Men om kamptidspunktet blir flytta slik at det passar med andre kampar på laurdagskupongen?
– Då hadde det gjort det mykje lettare for oss å ta kampane med, seier Busterud, som også minner om at alle toppseriekampane er på oddskupongen.
Kamptidspunktet er avgjerande
Busterud er positiv til utspelet frå Jansen. Han trur tidspunktet no er rett for å setje seg ned og vurdere det.
– Det damene viste ute på bana i EM, er heilt klart noko som fører til at interessa både bør og vil auke, seier Busterud.
– Når kan det skje?
– Det er starttidspunktet for kampane som er vanskeleg no, seier Busterud.
Det er eit problem som lett lar seg løyse.
– Lett å løyse
– Det er det lett å gjere noko med. Vi har ingen problem med å flytte tidspunktet til eit meir passande. Om dei aktuelle kampane må starte klokka 16, så skal dei starte kl 16, seier Jansen.
– Vi vil svært gjerne vere eit fast innslag på noko som er ein institusjon hos det fotballelskande norske publikum, seier Richard Jansen.
Jansen er også oppteken av at alle i norsk kvinnefotball no tar eit tak for å dra nytte av interessa omkring landslaget under EM.
Ønskjer sponsorat for Toppserien
– Klubbane må så raskt som mogeleg begynne å jobbe med sponsorane. Det er no etter ferien at næringslivet legg budsjetta sine for neste år, og det er no kvinnefotballen er i fokus. Tenk om vi også kan klare å finne ein sponsor til heile serien, slik at også Toppserien kan få eit sponsorat, seier Richard Jansen.
– Noreg har vore gode i turneringar før. Kva er annleis no, kvifor skal vi klare å snu interessa denne gongen?
– Det klarer vi ikkje om vi ikkje gjer ein jobb. Vi må berre ikkje tru at det kjem av seg sjølv. Men vi må utnytte at vi har mage gode profilar, og dei spelar i Noreg, seier ein engasjert Jansen.
Kan sjå EM-heltane "live"
Komande helg er det full rulle igjen i toppserien etter EM-pausen. Og Jansen er oppteken av at publikum no har ein sjanse til å sjå førsteklasses fotball.
– Toppserien var den serien som hadde nest flest spelarar i EM, og dei skal i aksjon for klubbane sine til helga. No har det norske folk sjanse til å kome og sjå desse profilane. Når Stabæk skal spele heime på søndag, vil det vere ti EM-sølvvinnarar på bana. Då kan dei sjå heltane i aksjon, seier Richard Jansen.
Vil toppseriekampar på tippekupongen hjelpe på kvinnefotballens popularitet? Diskutér.