NRK Meny
Normal

– Han kunne ha pressa rekorden endå litt til

Gjert Ingebrigtsen meiner at Henriks 1500 meter-rekord på 3.33,95 i Zürich torsdag ikkje var heilt optimalt.

Henrik Ingebrigtsen tok ny norsk rekord under Diamond League-stevnet i Zürich i kveld.

Ingebrigtsen med ny norsk rekord

– Han kunne sleppt opp og begynt offensiven litt tidlegare, då trur eg han kunne pressa tida endå litt meir. Men det var eit godt løp, akkurat så godt som vi hadde håpa, seier far og trenar Gjert Ingebrigtsen.

Henrik Ingebrigtsen senka rekorden på 1500 meter til 3.33,95 i Diamond League-løpet i Zürich – ei forbetring av hans eigen gamle rekord på nesten eitt og eit halvt sekund.

– Eg er sikker på at Henrik sjølv meiner at løpet i Zürich var opp mot det optimale for hans del, seier Lars Martin Kaupang om rekordløpet torsdag.

Kaupang hadde lenge den norske rekorden på distansen på 3.37,4, sett på Bislett i 1976. Den stod i 36 år, heilt til Ingebrigtsen sletta den med 3.36,39 i fjor. Torsdag vart Ingebrigtsen første nordmann på 3.33-talet.

– I mi tid hadde dette vore like bak verdsrekorden, seier Kaupang. Verdsrekorden på hans tid var 3.32,2.

– Dette er inga grense for Henrik

Gjert Ingebrigtsen trur slett ikkje den nye rekorden er noko grense for Henrik.

– Torsdag visste vi at det ville gå så fort som 3.30. Derfor la vi opp til ei defensiv opning og ei sterk avslutning. Eit slikt løpsopplegg er heilt nytt for oss, så vi måtte prøve oss fram. Men det utvikla seg omtrent slik vi trudde det skulle gå, sjølv om vi i ettertid ser at han kanskje burde ha sleppt opp litt før. Vi lærer heile tida, seier Gjert Ingebrigtsen.

Lars Martin Kaupang

Lars Martin Kaupangs rekord stod i 36 år får Henrik Ingebrigtsen tok den i fjor

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Lars Martin Kaupang er imponert over Ingebrigtsens rekordløp i Zürich.

– Det var perfekt disponert. Hadde han lagt seg lenger framme frå start, hadde han neppe klart å henge med så godt mot slutten, og då hadde han ikkje fått den tida, seier Kaupang til NRK.

– Topptider lar seg ikkje bestille

– I kor stor grad er det mogeleg å "bestille" gode tider i ein idrett der det stort sett handlar om plasseringar og å plassere seg smart i feltet?

– Det lar seg ikkje gjere å "bestille". Men slike løp som i Diamond League er skreddarsydde for stor fart og gode tider. I meisterskapsfinaler er det derimot berre plasseringar som tel, der er det vanlegvis viktigare å vere smart, og i tillegg meistre løp i rykk og napp, pluss å vere spurtsterk.

Kaupang trur det er her Ingebrigtsen har sin styrke.

– Han er ikkje like rask som dei beste i verda, men han er blant dei beste til å disponere løpa sine, seier Kaupang.

Åtte sekund til verdsrekorden

For trass i imponerande 3.33,95 er det langt fram til dei beste. I løpet i Zürich var han over tre sekund bak vinnaren, og han hadde seks stykke framfor seg på resultatlista. Verdsrekorden er 3.26,00 – dit er det nesten åtte sekund.

Det er nesten tre sekund større avstand enn det var frå Kaupangs norske rekord til dåverande verdsrekord.

– Eg hugsar at Odd Pedersen – far til Dag Erik – sa til meg at "enten er rekorden din fantastisk sterk, eller så er verdsrekorden altfor dårleg". Han peika på at dei beste på 1500 den gongen sprang 400 m på 46–47 sekund. Eg låg på rundt 52, men eg kunne springe på 52–53 nesten kor mange gonger som helst med berre kort pause imellom. Med andre ord var ikkje skilnaden mellom mi tid og verdsrekorden større enn det dei beste tok på den første runden, seier Kaupang.

Må få større toppfart

– Kor langt trur du Ingebrigtsen kan nå?

– Ganske langt. Han er trass alt berre 22, og det viser seg at dei beste er både 28 og 30 før dei når sine beste resultat. Henrik har allereie bevist at han er ein stayer, og at han er smart i feltet. Men skal han hamle opp med dei aller beste, må han få større toppfart, seier den tidlegare rekordhaldaren.

Ein artikkel i forskning.no frå i fjor haust meiner at Henrik Ingebrigtsen med tida også kan bli god på 5000 meter.

– Det kan han heilt sikkert. Men eg trur at det bør ligge eit stykke inne i framtida. Inntil vidare bør han ha 1500 i fokus, seier Kaupang.

Litt tidlegare formtopp

Gjert Ingebrigtsen Henrik Ingebrigtsen

Gjert Ingebrigtsen er godt nøgd med Henriks løp i Zürich, men trur han kan springe endå raskare seinare

Foto: NRK

No er spørsmålet korleis Henrik Ingebrigtsen skal utvikle seg vidare. I år har han bevisst halde seg litt tilbake første del av sesongen for å vere i knallform mot slutten.

– Det er alltid den som er god mot slutten av sesongen som blir hugsa når neste sesong begynner, seier Gjert Ingebrigtsen.

– Men for framtida vil vi nok avslutte mengdetreninga litt før for å få formtoppen ei lita stund tidlegare, og ikkje halde att fullt så lenge som i år. Kanskje ikkje neste år, for då er det "berre" EM. Men deretter er det VM- og OL-sesongar, legg han til.

Etterlengta ferie

No er årets sesong uansett snart slutt. Henrik har sprunge sin siste 1500-meter for i år.

– Han skal springe ei 800-meter for å teste farten – det er der han må bli betre. Og truleg blir det også ein 3000-meter før sesongen er heilt slutt.

– Men så skal han ha ferie. Det hadde han ikkje i fjor, så Henrik treng verkeleg å ta seg heilt fri no, seier Gjert Ingebrigtsen.

Henrik Ingebrigtsen satte norsk rekord på 1500 meter med 3.33,95 i Diamond League-stevnet i Zürich.

- Nå er jeg en 3.33-løper

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM Bryting