– Kjente ikkje meg sjølv igjen

Magnus Carlsen slakta seg sjølv etter å ha enda heilt nede på ein sjetteplass i VM i lynsjakk.

Magnus Carlsen

TAPTE: Magnus Carlsen hadde ein tøff siste dag i verdsmeisterskapet i Berlin i dag.

Foto: Mads Nyborg Støstad / NRK

– Eg er veldig skuffa over meg sjølv. Ein ting er spelet, men det er eg mest skuffa over er korleis eg takla det.

Det blei ein marerittaktig start for Magnus Carlsen i VM i lynsjakk. Eit tap og to remis på dei tre fyrste partia gjorden vegen fram til eit nytt VM-gull lang.

LES SAKA: Rasende Carlsen mistet besinnelsen: – Jeg skjønner at det ser dumt ut

– Eg var ikkje i nærleiken i det heile tatt

Og det gjorde Carlsen tydeleg frustert. Pennar blei kasta og Carlsen gjekk frå bordet i sinne. Så snudde det ein periode og Carlsen fekk med seg fire sigrar på dei sju siste partia. Men det var aldri nok til å sikre seg ein ny verdsmeistertittel.

– Det var berre eitt tap som skulle til for å få meg heilt ute av det. Nervene spelte ikkje på lag i det heile tatt. Eg var ikkje i nærleiken, seier ein svært skuffa Carlsen til NRK rett etter det siste partiet som han til slutt vann.

Magnus Carlsen fikk i kveld gullet for VM i hurtigsjakk som han vant på mandag.

– Eg kjenner ikkje meg sjølv igjen

Carlsen la tydeleg vekt på at han var skuffa over måten han takla nederlaga i Berlin i dag.

– Ein skal ikkje bli så sur når ein tapar i lynsjakk. Eg takla det ikkje rett og slett. I går blei eg liggande å tenkje på gårsdagens tap og ikkje morgondagen. Det gjorde eg aldri i hurtigsjakken. Eg kjenner ikkje meg sjølv igjen i dag. Det er så mykje som går gale, sa Carlsen tydelig frustrert.

– Tek du lærdom av dette?

– Eg veit ikkje. Nå er eg berre skuffa over både måten eg tapar på og måten eg ikkje taklar nervene. Eg skjønar jo at det berre skjer dumt ut når eg stormar frå bordet gang på gang.

Alexander Grischuk fra Russland blei verdsmeister medan Maxime Vachier-Lagrave frå Frankrike tok sølvet. Vladimir Kramnik var andre russar på pallen på tredjeplass.

Siste nytt

  • King matchvinner

    Joshua King hadde en god dag på jobben for Bournemouth da de tok seg videre i FA-cupen med 2-1-seier mot Crawley.

    Først hadde han en målgivende pasning da Jack Wilshere sendte Bournemouth i ledelsen. Etter en snau time utlignet Tom Nichols, men så dukket King opp igjen.

    Nordmannen fikk ballen etter et nydelig angrep fra Bournemouth. Han la hurtig om til skudd og plasserte den ned i hjørnet.

    Dermed er King og co. klare for åttedelsfinale mot Burnley.

    King
    Foto: Mike Hewitt / AFP
  • Solevaag mista brillene og pallen

    Sebastian Foss-Solevaag låg på andreplass før finaleomgangen, men enda på fjerdeplass i Schladming. Han mista brillene i andreomgangen, og hamna derfor utanfor pallen til slutt.

    Marco Schwarz køyrde seg opp frå sjetteplass til siger, 68 hundredeler framfor Noel Clement. Alexis Pinturault var på tredje, 82 bak. Solevaag enda 1,09 bak vinnaren.

    Solevaag har dermed ein siger og to fjerdeplassar på dei tre siste slalåmrenna i verdscupen.

    Manuel Feller, som leia etter første omgang, køyrde ut.

    Henrik Kristoffersen var berre nr 24 etter første omgang, men med tredje beste tid i finaleomgangen blei han nummer 11. Timon Haugan blei nummer 13.

    Jonathan Nordbotten køyrde ut i første omgang.

    Til helga er det to slalåmrenn i franske Courchevel.

  • West Ham klatret til fjerdeplass

    David Moyes har virkelig fått fart på sakene i West Ham denne sesongen. Tirsdag tok de sin fjerde seier på rad i Premier League da Crystal Palace ble slått 3–2.

    Thomas Soucek scoret to mål, mens Craig Dawson satte inn West Hams tredje for kvelden. Wilfried Zaha og Michy Batshuayi tegnet seg på scoringslisten for Crystal Palace.

    Dermed klatret West Ham til fjerdeplass før de andre lagene har spilt sin kamp denne runden.

    I en annen kamp som gikk samtidig vant Leeds 2–1 mot Newcastle. Dermed holder Marcelo Bielsas menn seg godt over nedrykksstreken, mens Newcastle har blandet seg inn i bunnen av tabellen.

    Premier League - Crystal Palace v West Ham United
    Foto: John Walton / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal