Keane har tidlegare hevda at han blei spurt om å ta over manager-jobben i Celtic sommaren 2014.
Men takka nei fordi han følte at Celtic ikkje ønska han sterkt nok.
To år etter er Ronny Deila - mannen som fekk jobben - ferdig etter denne sesongen.
Ifølge skotsk presse er Roy Keane igjen høgaktuell som ny sjef på Celtic Park, melder ex-Celtic-spelar Vidar Riseth.
– Eg har ikkje jobba mykje i dag fordi eg har prata så mykje med norske journalistar. Og dei skotske journalistane som har ringt meg trur Roy Keane er mest aktuell til å ta over jobben. Dei trur han er øvst på lista akkurat no, seier Vidar Riseth til NRK.
Den tidlegare landslagsspelaren fekk 55 kampar for den skotske storklubben frå 1998 til 2000.
Men han er usikker på om Keane er rett mann til å lede klubben vidare.
– Han har jo vore i klubben tidlegare, og har eit hjerte for Celtic. Det har han jo sagt heile tida.
– Men om han er den rette - det veit eg ikke. Eg kjenner han ikke, seier Riseth.
Moyes aktuell
Keane avslutta ei lang spelarkarriere i nettopp Celtic - sesongen 2005/2006.
Frå 1993 til 2005 regjerte han sentralt på Manchester Uniteds midtbane.
Som manager førte han Sunderland opp i Premier League i 2007, men gjekk av etter svake resultat desember 2008. Han fekk også sparken i Championship-klubben Ipswich av same grunn i 2011.
Han er for tida assistenttrenar for det irske landslaget.
– Han var knallhard som spelar. Men han har ikke gjort «det store» som trenar. Det har han ikkje, seier Riseth.
Tidlegare Everton- og Manchester United-manager David Moyes blir også nemnt som ein klar kandidat til Skottlands mest attraktive manager-jobb.
Skotten har gått arbeidsledig sidan november i fjor. Då fekk han sparken i spanske Real Sociedad.
– Kan dra heim med rak rygg
Men ifølge Riseth kan Celtic få problem med å hente eit «stort namn» til klubben.
– Ein trenar med eit «stort namn» forlangar å komme til ein klubb med god økonomi, og å få bygge opp eit lag med gode spelarar. Celtic er ikkje i den posisjonen.
– Dermed blir det samme visa ein gang til. Dei får inn ein manager som er der i 1-2 år, han får sparken. Og så er det inn med ein ny, melder trønderen.
Ronny Deila vil derimot ikkje bli arbeidsledig lenge, trur den tidlegare Kongsvinger, Rosenborg og Lillestrøm-profilen.
– Eg er sikker på at Ronny kjem til å få ny jobb i morgon, dersom han vil. Han har gjort ein god jobb i Celtic, når du ser på kva han har fått til med dette laget.
– Han kan dra heim med rak rygg, seier Vidar Riseth.