– Kasakhstan er eit mykje betre lag enn Puerto Rico, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson.
Norge slo Puerto Rico komfortabelt 39-13 i går, sjølv om puertoricanarane fekk lov å leie 2-0 etter berre litt over eit minutts spel.
Kasakhstan er heller ingen stormakt i kvinnehandball, men landslagssjefen meiner at dei i alle fall er langt betre enn gårsdagens motstandar.
– Dei er betre organisert, har betre fysikk, meir kunnskap, og har vore med i dette gamet lenger. På alle område er dei nokre klasser betre Puerto Rico, seier Hergeirsson til NRK.
Formasjonstrening mot Puerto Rico
Landslagssjefen fortel at dei brukte kampen i går til å trene formasjon.
– Vi ønskte å trene på 6-0 og å ligge høgare, og prøve å flytte heile rekka på 7-8 meter. Det kjem vi til å trenge mot duellsterke nasjonar. Det synest eg vi lykkast meir og meir med, seier han, og tenkjer spesielt på første kvarteret av andre omgang.
– Då slepper vi inn null og scorar 14.
Viktig med nye nasjonar
Hergeirsson er ikkje misnøgd med at lag som Puerto Rico – rangert som nummer 74 i verda – får delta i VM.
– Det er eit viktig bidrag til spreiinga av internasjonal kvinnehandball. Dei får lov å delta, får juling, og reiser heim litt klokare. Om dei får oppfølging etterpå, har VM-deltakinga ei hensikt, seier Thorir Hergeirsson.
Tenkjer ikkje på gruppeplassering
Han legg ikkje serleg vekt på at Russland – som slo Norge i opningskampen laurdag kveld – også slo Spania knapt i går, og at Norges sjansar til gruppesiger dermed vart klart mindre.
– Eg tenkjer ikkje mykje på det. Det er heilt ute av mine hender. Om eg skule irritere meg over det, er det berre bortkasta energi. For meg handlar det om at vi er gode nok til å vinne neste kamp, og så neste kamp deretter, seier Hergeirsson.
Etter kampen mot Kasakhstan i kveld, gjenstår Romania torsdag og Spania fredag i gruppespelet.
– Eg har ikkje sett dei så veldig mykje. Det er ikkje så lett å vurdere dei, men vi har sett dei mot gode lag før meisterskapet. Dei laga er vi i ferd med å analysere.
– Det er gode lag, men først må vi slå Kasakhstan. Det er det som gjeld no.
Du kan høyre Norge - Kasakhstan på NRK P1 fra kl 20.30 (sendinga tek til kl 20.20)