NRK Meny
Normal

Idrettspresidenten: – Vi kan ikkje ha alt på Campus Sognsvann

Idrettspresident Tom Tvedt vil ikkje ha all norsk toppsatsing spissa på Campus Sognsvann i Oslo.

Tom Tvedt

IKKJE BERRE OSLO: - Spisskompetansen må vere der, men vi må satse på miljøa også i dei andre store byane, seier idrettspresident Tom Tvedt

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Vi kan ikkje ha alt på Campus Sognsvann. Der skal vi ha det beste, men vi må også utnytte dei miljøa vi har omkring i landet.

Det seier idrettspresident Tom Tvedt til NRK rett etter at han har gått ut av flyet på Gardermoen.

Han kommenterer utspelet frå tidlegare symjepresident Per Rune Eknes, som i går sa til NRK at toppidrettsmiljøa i Norge må samlast og spissast. – Toppidrett skal ikkje vere distriktspolitikk. Regionaliseringa har utvatna toppidretten i Norge, sa Eknes.

Han sa også at dagens organisering er ei av hovudårsakene til dei svake norske resultata i OL.

– Det har blitt sagt at vi skal satse på Campus Sognsvann i Oslo, men der har det ikkje skjedd noko, sa Eknes til NRK i går.

Debatten fortsetter etter den svake norske medaljefangsten i OL.Nå er tidligere svømmepresident Per Rune Eknes kritisk til Olympiatoppens tunge satsing utenfor Oslo.

Campus Sognsvann ferdig om fem år

Campus Sognsvann er ei stor utviding av Toppidrettsenteret. I løpet av fem år skal det stå ferdig, utbygt til ein pris av ein milliard kroner.

– Visjonen er ein møteplass for toppidretten. Der skal toppidretten få treningsfasilitetar i ein heil annan kvalitet og storleik enn i dag. Det treng vi verkeleg, sa toppidrettssjef Tore Øvrebø til NTB i april i år.

Tom Tvedt er likevel usamd i at alt skal samlast på Sognsvann.

– Den høgaste og spissaste kompetansen skal sitje der, men vi skal ikkje undervurdere at det er mykje toppidrett ute i landet.

– I dag er det for mange som går ut av idretten for tidleg, derfor har vi ikkje stort nok volum av idrettsutøvarar til det som går på toppidrett. Det må vi gjere noko med, seier Tvedt.

Han står fast på at den vedtekne tiårsplanen skal følgjast fram til 2022.

– Men samstundes treng vi miljø og anlegg også andre stader. Det er bygt opp kunnskaps- og regionalsenter rundt omkring i Norge slik at unge menneske kan trene der dei bur, saman med vener og venninner.

Universitets-klynger

Han nemner det han kallar klyngene rundt universiteta i Bergen, Trondheim og Tromsø.

– Det ville vere uhøyrt om vi ikkje brukte det gode miljøet som er bygt opp kring universitetet i Trondheim, seier Tvedt.

– Men har satsinga på Campus Sognsvann blitt nedprioritert?

– Nei. Vi jobbar framover med dette, og må få med oss Oslo kommune. Det er viktig for norsk idrett å få på plass Campus Sognsvann, der er eg samd med Eknes.

Men Eknes står på sitt.

– Det kan ikkje vere slik at no har Oslo fått ditt, då må Bergen, Tromsø og Trondheim få datt. Slik blir ein ikkje best i verda av.

Tidlegare OL-vinnar Eirik Verås Larsen tek endå sterkare i.

– Campus Sognsvann burde vore ferdig for 20 år sidan.

Siste nytt

  • Roerne har fått båtene til VM

    Nesten én uke forsinket kom Norges VM-båter til Miami torsdag. Landslagets assistent Johan Lidberg har kjørt 160 mil for å hente båtene som på grunn av orkanen Irma landet i Houston, Texas i stedet for Miami.

    Nesten én uke forsinket kom Norges VM-båter til Miami.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Pressekonferanse VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM-kveld
VM-kveld sykkel-VM
VM-kveld