Dansk antidopingsjef: – IOC har indirekte oppmuntra til WADA-hacking

Danmarks antidopingsjef Michael Ask har klare meiningar om kva som er strategien bak WADA-hackinga og opplysningane om idrettsutøvarar sin lovlege medisinbruk.

Michael Ask

STRATEGIEN: Lekkasjane reiser ein mistanke blant mange om heile antidopingsystemets validitet og integritet, seier Michael Ask

Foto: Anti Doping Danmark

– Den ulykkelege situasjon at IOC ikkje nekta Russland å delta i OL, og deretter sterkt kritiserte WADA, har ført til at krefter i Russland har sett ein begynnande konflikt mellom de to organisasjonane, seier Danmarks antidopingsjef Michael Ask til NRK.

Han meiner på ingen måte at IOC har direkte noko med hackergruppa Fancy Bears å gjere.

– Men IOC har etter mi meining indirekte vore med på å oppmuntre til noko slikt, seier Ask.

IOC-medlem Gerhard Heiberg vil ikkje kommentere desse utsegnene no.

– Det vil eg ikkje seie noko om, fordi vi er inne i ein prosess med diskusjonar om kva som skal skje vidare, seier Heiberg til NRK.

Fancy Bears har hacka seg inn i WADA-filene, og har sidan tysdag i førre veke regelmessig offentleggjort medisinske opplysningar om fleire av OL-deltakarane i Rio.

Alle opplysningane gjeld utøvarar som har skriftlege løyve – såkalla TUE-sertifikat – til å bruke dei medisinane dei har tatt. Derfor har ingen av dei gjort noko ulovleg.

– Å halde «gryden i kog»

Ask har klare meiningar om kva Fancy Bears' strategi og føremål er.

– Ved å utlevere desse opplysningane i små porsjonar, held dei «gryden i kog», som vi seier i Danmark, seier Michael Ask.

– Sjå kor mange som no diskuterer TUE-systemet i staden for å halde fram med å granske det verkelege problemet, nemleg at Russland køyrer eit statsstyrt dopingsystem, seier Ask.

– Dessutan er det påfallande at det først og fremst er prøver av utøvarar frå land som har vore kritiske overfor Russland, som har blitt «avslørt», seier Michael Ask.

Kan plante mistankar

Fire danske utøvarar er blant dei som hittil har fått sine medisinske opplysningar offentleggjorde. Blant dei er gullvinnar i symjing Pernille Blume, som har vore open om sin lovlege bruk av astmamedisin i mange år.

Lekkasjane kan vere skadeleg for utøvarane, meiner han..

– Sjølv om TUE-systemet er velkjent, reiser lekkasjane likevel ein mistanke blant mange om heile antidopingsystemets validitet og integritet, seier Ask.

Britisk frustrasjon

Sam Quek

FRUSTRERT: – Det er ikkje festleg å sjå overskrifter som 'Gullvinnar tar forbode middel', skriv den britiske gullvinnaren i landhockey Sam Quek

Foto: MATTHEW CHILDS / Reuters

Sam Quek, spelar på Storbritannias gullag i landhockey, skriv i The Guardian i dag om frustrasjonen etter å ha blitt nemnt i lekkasjane frå Fancy Bear.

– Det er ikkje festleg å sjå overskrifter som "Gullvinnar tar forbode middel", skriv ho i innlegget.

Michael Ask er sikker på at tryggingsorganisasjonane i Russland har tilknyting til avsløringane.

– Eg har 30 års erfaring frå politi og PET (tilsvarande POT i Noreg). Eg veit korleis den sovjetiske og russiske propagandamaskinene verkar. Det er vanskeleg å sjå for seg at ei slik gruppe kan operere fritt i eit autokrati som Russland, seier Ask.

Personvern

– Rafael Nadal foreslår å gjere alle slike opplysningar offentlege, ettersom det ikkje er snakk om noko ulovleg. Kva er ditt syn på det?

– Eit fint synspunkt. Men helseopplysningar er uansett verna av personlovgivinga i alle land eg kjenner til, derfor kan dei ikkje offentleggjerast, seier Ask.

Ask tar til orde for at det bør innførast eit system der avgjerder om sanksjonar blir tatt av eit uavhengig organ som verken sporten eller regjeringane skal ha innverknad på.

– Men derfrå og til å antyde eller direkte seie at antidopingarbeidet har feila, er langt over målet. Nokre av avsløringane som er komne fram det seinaste året er eit resultat av større vilje og evne til å etterforske verkelege dopingsyndarar som f.eks. statar, seier Michael Ask.

Siste nytt

  • Leipzig-sjef med Haaland-flørt

    Det tyske bundesligalaget RB Leipzig kan være ut etter Erling Braut Haaland. Klubbens sportsdirektør Markus Krösche sier nemlig følgende til Bild:

    – Gutten er en veldig god spiller. Han gjør en eksepsjonelt god jobb både i ligaen og i mesterligaen, sier Krösche til avisen.

    Han forteller videre at Leipzig, som har samme eiere som Haalands nåværende klubb Red Bull Salzburg, allerede har begynt å legge overgangsplaner for 2020. Siden 2011 har 17 spillere gått fra Salzburg til Leipzig.

    – Vi ser selvfølgelig fram mot sommeren, sier han.

    Ifølge Bild har Haaland en klausul i kontrakten sin som gjør det mulig å hente ham for «bare» rundt 30 millioner euro.

    I tillegg til RB Leipzig, skal en rekke av de europeiske storklubbene ha Haaland høyt på lista over ønskede nyervervelser.

    Champions League - Group E - Liverpool v FC Salzburg
    Foto: Jason Cairnduff / Reuters
  • Raser mot UEFA: – En skandale

    UEFA bekreftet onsdag seedingen til trekningen av EM-sluttspillet til sommeren. Den har skapt sterke reaksjoner.

    – Det er en skandale, for å være ærlig. Fotball er ikke lenger fotball, det er bare business, sa Belgias stjerne Kevin De Bruyne om at VM-bronsevinneren allerede halvannen uke før trekningen vet at de havner i gruppe med Danmark og Russland og må spille to bortekamper.

    – Jeg forstår ikke det nye formatet. Jeg har spurt forbundet om jeg i det hele tatt trenger å reise til trekningen, sa Nederlands landslagssjef Ronald Koeman da han fikk vite at det allerede er klart at laget hans møter Ukraina i sluttspillet.

    Det er ikke selve seedingen som fører til reaksjoner, men alle føringene som er lagt rundt blant annet hvor mange kamper de 12 vertsnasjonene skal få på hjemmebane, det politiske klimaet og hvilket seedingsnivå lagene fra nasjonsligaomspillet skal gå inn på. (NTB)

    Belgia
    Foto: John Thys / AFP
  • Viktig seier for Ulsruds lag

    Norges curlinglag med Thomas Ulsrud som skip holdt liv i sjansen til semifinaleplass i EM med 6–5-seier over Russland onsdag. Med fire seirer og fire tap er det norske laget på delt 5.-plass, men med seier i siste grunnspillskamp mot Nederland torsdag vil laget klatre til 5–4. Tre lag har 5-3 før den siste runden, men to av dem (Italia og Sveits) møtes innbyrdes, mens Skottland møter ubeseirede og allerede semifinaleklare Sverige. (NTB)

    WEB_SPORT
    Foto: Jonas Ekströmer/tt / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal