– Alt vi har funne ut leier til ein konklusjon om at dette ikkje er verket til nokre få enkeltpersonar eller ein spesifikk organisasjon, seier McLaren.
NRK møter den kanadiske professoren som i fjor la fram to rapportar som har rysta idrettsverda, og ikkje minst den internasjonale olympiske komiteen IOC.
– Eg har ikkje greidd å knyte organiseringa lenger enn til sportsministeren. Men når du set det saman med det utstyret og organisering dei hadde på laboratoria både i Sotsji og Moskva, med involveringa av Rusada (det russiske antidopingbyrået) og personar som jobba for sportsministeriet, er den konklusjonen nær. Alle desse bitane treng koordinasjon. Og kva gjorde FSB (det russiske tryggingspolitiet) i dette biletet? seier McLaren.
– IOC må reagere
McLarens rapport om jukset i Sotsji førte til at IOC utnemnde to kommisjonar som granska saka vidare. Denne har til no ført til at 19 russiske utøvarar – mange av dei medaljevinnarar – er strokne frå Sotsji-listene.
I neste veke skal IOC vurdere om Russland skal stengjast ute frå OL i vinter. McLaren vil ikkje seie kva han meiner avgjerda bør bli.
– Eg blei beden om å finne fakta, ikkje om kva dei skal gjere.
– Har du ei privat meining?
– Med alt det som er kome fram, bør dei reagere sterkt på ein eller annan måte. Det vanskelege spørsmålet er kva som er passelege reaksjonar. Eg er like spent som du er, seier McLaren.
«Dutchess-cocktail»
Tidlegare leiar av laboratoriet i Moskva, Gregorij Rodsjenko, og hans dagbøker, er eitt av dei viktigaste vitneprova. Han har utvikla den såkalla «Dutchess-cocktailen» for utøvarane.
Denne skulle utøvarane ta før og under OL i Sotsji. Cocktailen var distribuert rundt til dei aktuelle utøvarane av Irina Rodinova, skriv Rodsjenko i eit dagboksnotat datert 13. januar 2014 – ein snau månad før opninga av OL. Rodinova leia eit sportssenter for ulike russiske landslag.
McLaren forklarar kva «Dutchess-cocktail» er:
– Det er ein kombinasjon av tre steroid og litt martini som du skyl rundt i munnen og så spyttar ut. Det gav eit mykje kortare tidsvindauge der det kunne bli oppdaga. Han fann også opp ein test som kunne oppdage dette, det er den som er brukt med suksess ved retestinga av prøvene frå OL i Beijing og London, seier McLaren.
– Kva er «Dutchess list»?
– Det er ei liste av utøvarar som var brukarar av cocktailen. Lista var laga før OL, og omfatta utøvarar som enten var verna av Moskva-laben eller ved ombytinga av prøver i Sotsji. Det var nok over 30 utøvarar på den lista, seier professoren.
19 utøvarar er fråtatt medaljane og utestengde frå OL. Men grunngjevinga er gjort kjend for berre ein – Aleksandr Legkov. Den fester full tillit til McLarens rapport.
– Dei er utestengde, men konkurrerer likevel i verdscup. Kommentar?
– Det gir ikkje noko godt signal. Utestengde utøvarar i bob og aking er i Canada for å konkurrere. På den eine sida er du utestengd, på den andre kan du konkurrere. Det tar seg ikkje godt ut, seier Richard McLaren.