– Eg håpar ikkje det. Eg er i bra slag, men ikkje i toppform. Eg har meir å gå på. Det er ei god kjensle å ha, seier Hagen til NRK.
I dag skal han i gang med ein ny etappe i Tour of Oman, eit ritt han leier etter etappesigeren i går. Der slo han sterke konkurrentar som Vincenzo Nibali og Greg van Avermaet, som han har høvesis fire og seks sekund bak seg i samandraget etter tre etapper.
Og i førre veke utklassa han alle konkurrentane i tempoetappen i Tour of Qatar.
Fire turar på ski
Men han er slett ikkje sikker på at det går like bra på dagens etappe i Oman. Den er 176,5 km og nokså flat.
– Det blir vanskeleg, for Alex (Alexander Kristoff) er med. Han har gode avslutningar, det har han vist tidlegare i år. Men eg håpar å gje både han og dei andre spurtarane kamp i dag og, seier Edvald Boasson Hagen.
Om årsaka til den gode sesongstarten seier han at det kan skuldast at han har vore mindre på samlingar og trena meir heime i vinter.
– Eg har gått fire turar på ski. Kanskje det er det som er grunnen, smiler han. Før han legg til:
– Eg har køyrt nokså mykje styrke i vinter. Og eg hadde ei god avslutning av sesongen i fjor, og har framleis ei god utvikling. Det går veldig bra no, seier han litt beskjedent.
Blir vanskeleg å vinne samanlagt
– Det er godt å kunne bevise at ein er i bra form. Det er aldri lett å vinne sykkelløp, så eg er godt nøgd, seier han etter sine to sigrar.
Han trur likevel samanlagtsiger i Oman kan bli vanskeleg.
– Eg skal gjere mitt for å prøve å forsvare leiartrøya så lenge som mogeleg. Men eg er førebudd på at det kan bli vanskeleg, seier Hagen.
Svaret får vi når rittet blir avslutta søndag.