- Sjå og følg mennenes jaktstart frå Pokljuka frå kl. 11.15!
- Sjå og følg kvinnenes jaktstart frå kl. 14.30!
På sprinten torsdag auka Tora Berger forspranget til Darja Domratsjeva i kampen om samanlagtsigeren i verdscupen.
Medan Tora Berger (32) vart nummer seks, klarte OL-dronninga Darja Domratsjeva (27) berre 28.-plass etter totalt fem bom – noko som betyr 25 poeng i favør Berger når det gjeld samanlagtsigeren i verdscupen. Før sprinten leia Berger med fattige seks poeng.
– Ho har sikkert feira hardt etter OL
Domratsjeva vart historisk i OL i Sotsji då ho som fyrste skiskyttarkvinne tok tre gull i eitt og same OL.
– Ho har sikkert feira hardt etter OL – men det er ho vel unt, spøkjer Berger, etter den kviterussiske konkurrenten sine fem bom på sprinten torsdag.
– Det ser ut som feiringa kan ha gjort utslag på skytinga, flirer Berger.
Men Dombås-jenta tek på langt nær noko for gitt.
– Det er klart ein må jobba for å slå ho. Ho er ekstremt sterk for tida.
Domratsjeva har synt seg overlegen i sporet denne sesongen. På sprinten var 27-åringen berre 1.40,5 minutt bak den overraskande vinnaren, Katharina Innerhofer (23), trass fem strafferundar.
– Ho gjekk på noko frykteleg ut frå start i alle fall. Eg klarte ikkje å halda fylgje med ho på fyrsterunden, sa Berger etter sprinten.
- Les også: – Den mest spinnville resultatlista noensinne
- Les også: Berger aktar ikkje å ta ein Bjørndalen
Jamt i toppen
I motsetnad til verdscupen for menn, der Martin Fourcade leiar med 149 poeng på Emil Hegle Svendsen, er det tett i toppen av verdscupen for kvinner.
Medan Domratsjeva tapte poeng til Berger, tok finske Kaisa Mäkäräinen (31) innpå med sin 4.-plass. Berre 31 poeng skil dei tre beste. I tillegg skal ein heller ikkje avskriva tsjekkiske Gabriela Soukalova (24) som er 73 poeng bak.
– Det er så jamt i toppen at om ein sviktar, så er det fleire der, seier Berger.
Berger går ut 36 sekund etter Innerhofer og ni sekund etter Mäkäräinen på dagens jaktstart. Tiril Eckhoff (23) går ut fire sekund etter lagveninna, medan Marte Olsbu (23) som gjekk inn til karrierebeste på sprinten, går ut som nummer ti – 52 sekund etter Innerhofer.
Etter helgas renn i Pokljuka, gjenstår Kontiolahti før avslutninga i Holmenkollen 20.–23. mars.
I skiskyting får dei 40 beste verdscuppoeng – vinnaren får 60 poeng, nummer to 54 poeng og nummer tre 48 poeng.