Ein sensasjonell sjetteplass under super-G rennet i Beaver Creek ga VMs comeback-konge ei kraftig dose sjølvtillit før utforen laurdag.
Men der kan det raskt bli tøffare, trur Kjetil André Aamodt.
– Han er ikkje så fleksibel og seier sjølv at han enno er litt rusten. Og i utforen kjem det til å gå raskare enn i super-G-rennet, seier Aamodt.
– Eg er ikkje så stabil. Det ser ein på løpet mitt i super-G, seier Lund Svindal.
- Les også: Jansruds stakeutfordring
– Det kan gå
Men sjølv om OL- og VM-vinnaren har eit stykke igjen til god, gamal form vil han ikkje utelukke seg sjølv som medaljekandidat til utforen.
– Eg var jo plutseleg medaljekandidat her under super-G-rennet!
– Eg er veldig bra i periodar og dårleg i andre. Eg har ikkje den stabilieten som skal til, men om eg klarer å lime saman eit heilt løp er eg plutseleg medaljekandidat, seier Svindal.
– Men det er ikkje så mykje å spekulere i. Eg tar dag for dag.
I Beaver Creek var ingen meir letta enn Aksel Lund Svindal, som glisande gjekk frå TV-kanal til TV-kanal for å snakke om comebacket i går.
Men sjølv om 32-åringen køyrte inn til bestetid og til slutt bare var 13 hundredelar bak bronseplass, var han sjølvkritisk etter rennet.
– Eg såg det grøne lyset utan å vere fornøgd. Det seier at eg har ein litt «feeling» no. Eg trudde ikkje at eg var i nærleiken av å ta føringa. Eg manglar litt for å skjønne kva som skal til.
– Eg får prøve på ny til utforen, seier Lund Svindal og ler.
Aamodt tippa Svindal på 15.-plass
Men sjølv om Aamodt trur det blir hardare for Lund Svindal å hevde seg i utfor, tør han ikkje utelukke noko som helst.
– I går trudde eg han skulle vere eitt sekund bak og bli nummer 15. Er du eitt sekund bak vinnaren hamnar du rundt den plassen. Men sjølv med ein feil i rennet var Svindal velding innanfor.
– Han er jo ein medisinsk sensasjon, så alt er mogleg også i utfor, seier Aamodt.