NRK Meny
Normal

– Han som opererte meg er meir overraska

BEAVER CREEK (NRK): Aksel Lund Svindal nærmar seg eit sensasjonelt comeback på rekordtid. I dag køyrer han utfortrening i VM-løypa.

Lund Svindal i Beaver Creek

OPPLAGT: Aksel Lund Svindal poserte for norske og internasjonale fotografer med et lurt smil.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Natt til tysdag norsk tid kom beskjeden Aksel Lund Svindal aldri hadde trudd han skulle gi for bare ein månad sidan:

– Eg er klar for å køyre VM-utfortreninga. Så vil den utforgjennomkøyringa avgjøre om eg har noko her å gjøre. Tida vil vise om eg er rask nok, men eg har lyst til å køyre, seier Lund Svindal framfor eit stort norsk og internasjonalt pressekorps.

Aksel Lund Svindal

PÅGANG: Det er enorm interesse for Aksel Lund Svindal i alpin-VM.

Foto: Tommy Barstein

– Om eg kan stå på start og tenke at eg har sjansen til å gjøre det bra, sjølv om den sjansen er liten, då er det verd å bli med.

Har overraska dei fleste

OL- og VM-vinnaren, som rauk akillesen på barmarkstrening i oktober i fjor, lar seg forbløffe over at han har komme så langt på så kort tid.

– Eg er litt overraska. Då eg kom til Olympiatoppen i januar og gjennomførte fysiske testar visste eg ingenting om korleis eg låg an. Eg hadde trena, men ikkje hatt noko hjelp eller assistanse. Det viste seg at testresultata i for eksempel knebøy var like gode som eg hadde hatt sommaren før eg blei skada. Alle testane var ganske bra. Då var eg overraska.

Mange har vore skeptiske. Til og med Lund Svindals eigen lege.

– Andre er nok meir overraska. Mellom anna han som opererte meg. Han synst det var ganske sjukt då eg skulle til Innsbruck i januar for å stå på ski igjen. Heilt til eg tok av meg sokken og viste akillesen. Då synst han plutseleg at det var greit, seier Lund Svindal med eit glis.

Etter oppkøyring i Austerrike reiste han til Aspen og trena i spesialbakke saman med Kjetil Jansrud og Aleksander Aamodt Kilde. Då han kom dit var sjansen for å kunne køyre i VM-løypa fortsatt liten.

– Eg var ikkje i nærleiken av å kunne køyre renn då eg kom til Aspen. Men det gikk jo mykje betre enn eg håpa. Det fungerte over all forventning. No har eg trena i ei veke og vore heldig med forholda.

– Men det å trene i Aspen er så langt unna det å køyre renn. Derfor må eg teste meir her i Beaver Creek før eg er sikker.

Kor mykje er du villig til å satse for å stå på startstreken i Super-G onsdag?

– Eg er villeg til å satse mykje for å bli med i VM. Eg satsar ikkje så mykje dersom foten hovnar opp igjen, sjølvsagt. Då blir det verre.

– Eg satsar jo ein del med tanke på at eg opphever skadestatusen og kan falle på rankinga. Eg kan stikke til Karibien igjen som eg var i jula og ligge der til neste sesong og komme tilbake og vere i førstepulja.

– Eg har jo fortsatt skadestatus dersom eg vil, men eg er litt usikker på om eg vil ha det. Når folk seier at det ikkje går er det kult å prøve.

Aksel og Kjetil

SAMMEN: Kjetil Jansrud deltok på nattens pressekonferanse sammen med lagkameraten.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Optimistisk lagkamerat

I motsett ende av rommet på pressekonferansen sit VM-favoritt Kjetil Jansrud. Han har vore kongen på laget i meritterte Lund Svindals fråver.

Han trur Svindals comeback kan bli større enn folk flest anar.

– Eg trur han kan ta medalje. Han køyrer godt på ski og er erfaren, seier Jansrud.

– Kor mykje lettar det presset på deg?

– Eg trur ikkje det har så mykje å seie. Presset kjem til å vere stort på meg uansett, svarar 29-åringen, som er favoritt i både super-G og utfor.

Men sjølv om Jansrud har sett ein sterk Lund Svindal på trening i Aspen, passar han også på å dempe forventningane til lagkameraten. Skjer det så skjer det, meiner Jansrud.

– Det er ingen der ute som bør forvente ekstremt mykje av Aksel.

– Korleis er det å ha han tilbake?

– Største fordelen er at vi er fleire som stiller til start start. Det å ha tre kort istaden for eitt er ikkje bare fint for meg. I tillegg vil eg seie at Kilde er på samme nivå som Lund Svindal. Han køyrer veldig bra om dagen.

29-åringen frå Vinstra meiner det er til stor hjelp for han sjølv at ein no har blitt til tre.

– Det er litt rart å ha vore aleine og plutseleg vere eit lag igjen. Kilde har jo også vore skada. Det er deilig i treningssituasjon. No bur vi saman og deler rom. Det er kjekt å ha fleire rundt seg.

Då Lund Svindal opna pressetreffet med å seie at han vil prøve seg på trening i VM-løypa «Birds Of Prey» i dag blei han spurt om korleis han ligg an samanlikna med lagkamerat Kjetil Jansrud.

– Klarer du å matche han no?

– Ikkje heilt enno, men eg får sjå. Er eg god nok til å vinne medalje? Det anar eg ikkje, seier Lund Svindal med sitt sedvanlege, lure smil.

Blei motivert av tvilarane

Det er ikkje første gang Aksel Lund Svindal er ute med skade. Han var vekke frå verdscupsirkuset i nesten eit år etter eit stygt fall i Beaver Creek 27. november 2007.

Etter det kom han knallsterkt tilbake. 5. desember 2008 vann han igjen i verdscupen.

Denne gangen var utgangspunktet for eit tidleg comeback mykje verre, men Lund Svindal fortel at han blei tent av tvilarane.

– Enkelte stilte spørsmålet: Er det ikkje heilt umogleg å komme til VM no?

– Heilt umogleg? tenkte eg. Ingenting er heilt umogleg.

Til og med konkurrentane var i tvil så seint som under Kitzbühel-rennet i førre veke. Ein av dei var VM-favoritt Dominik Paris.

– Det vil vere svært overraskande å komme tilbake så tidleg etter å ha blitt utsett for ei sånn skade, sa Paris.

Trener i dag

Og kjem han tilbake i tide til Super-G-rennet onsdag vil det bli eit comeback for historiebøkene. Det viktigaste for Svindal har vore å la håpet leve så lenge som mogleg.

– Eg har latt meg motivere av VM-gulrota. Eg har tenkt at dersom eg er ekstra flink kvar dag så har eg ein viss sjanse. Det gjør at ein står på litt ekstra, seier han.

Neste episode i Lund Svindal-sagaen får du i kveld klokka 21.30, norsk tid. Då startar utfortreninga i bakken der 32-åringen tidlegare har vunne to utforrenn i verdscupen.

Alpin-VM begynner tirsdag med kvinnenes super-G. NRK sender fra kl 18.55 (norsk tid).

Siste nytt

  • Hockeygutta med full kontroll

    De norske ishockeyherrene viste solide takter mot Frankrike i kveld. Franskmennene ble banket 6-0 etter en norsk kanonstart. – Vi var «på» stort sett i hele kampen, og det er jeg fornøyd med, sier landslagssjef Petter Thoresen til NTB.

    patrick
    Foto: LARSEN, HÃ¥KON MOSVOLD / NTB SCANPIX
  • Lunde irritert over arrangørene

    Katrine Lunde var irritert etter VM-seieren over Nederland i kveld. Dopingkontrollen kom ikke i gang. – Dette tar for lang tid. Ikke får vi restituert heller, sa en litt oppgitt Lunde til NTB i pressesonen.

    Katrine Lunde Haraldsen jubler
    Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpi
  • Christiansen tok også bronse

    Henrik Christiansen tok bronse på 1500 meter fristil under svømme-EM i København i kveld. 21-åringen fra Skjetten svømte inn på 14:25,66, og endte elleve sekunder bak ukrainske Mykhaylo Romanchuk, som vant distansen.

    Henrik Christiansen
    Foto: SVT

Sendeplan

Kl. Program Kanal