NRK Meny
Normal

– Denne mannen kan bli sesongens store overrasking

NRKs ekspert trur 20 år gamle Joacim Ødegård Bjøreng kan bli den store sensasjonen i verdscupen i hopp denne sesongen.

Joacim Ødegård Bjøreng

STORE FORVENTNINGAR: - Joacim Ødegård Bjøreng kan bli sesongens store norske overrasking, trur NRKs hoppekspert.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det eg har sett no, gjer meg tryggare framfor sesongen. Gutta hoppar bra, og det er fleire som hoppar på eit høgt nivå, seier Johan Remen Evensen.

Han er i Vikersund for å sjå dei norske hopparane i aksjon på snø for første gong, godt og vel ei veke før verdscup-opninga i Ruka i Finland.

– Der kan vi få overraskingar, seier Evensen.

Det er då han snakkar om Joacim Ødegård Bjøreng.

– Han er ein hoppar som har teke store steg i det siste. Han viser at han heng med dei aller beste. Spørsmålet er naturlegvis om han klarer å levere tilsvarande hopping når det kjem til verdscup. Då kan det bli veldig bra, seier Johan Remen Evensen.

– Kjem alltid fram nye

Norsk hoppsport har ofte i dei siste åra levert nye unge topp-hopparar etter at profilar har blitt borte.

– I år er Kenneth Gangnes borte, iallfall i første del av sesongen. Men det kjem alltid opp nye. Kanskje er det Bjøreng som tek steget opp no og hoppar seg inn på det faste verdscuplaget, meiner Remen.

Joacim Ødegård Bjøreng tar ikkje av trass skrytet frå NRKs hopp-ekspert.

– Det er hyggeleg at han spår det. Eg skal prøve å «bånne» bakken om eg får sjansen. Målet er å vinne verdscuprenn, men det blir nok eit lite sjokk om det skjer tidleg i vinter, seier han.

– Det er iallfall veldig godt å hoppe på snø igjen. Eg har kome kjempegodt i gang, seier 20-åringen frå Drammen.

Joachim Ødegård Bjøreng

GLEDER SEG: Joacim Ødegård Bjøreng har som mål om å vinne et verdenscuprenn denne sesongen.

Foto: NRK

Sjefen har trua

Landslagssjef Alexander Stöckl har også beina på jorda. Men han er glad for endeleg å kome på snø.

– Formen er bra, men det er alltid vanskeleg å seie korleis vi står isamanlikna med dei andre. Eg trur potensialet vårt er ganske høgt, og gler meg til vi møter dei andre i Ruka.

– Blir Bjøreng årets overrasking?

– Det kan han godt bli. Han er god til å fly og har gode eigenskapar der. Vi er gode i store bakkar, og bakken i Ruka er for folk som er gode til å fly, seier Stöckl.

Bakkestorleiken i den finske skimetropolen er 142 meter, og der skal verdscupen opne med renn 25. og 26. november.

Siste nytt

  • Zuccas nye sjef klar

    51 år gamle David Quinn er ansatt som ny trener for Mats Zuccarellos NHL-klubb New York Rangers. Quinn kommer fra trenerjobben til Boston University. Quinn erstatter Alain Vigneault. Han fikk sparken bare timer etter at New York Rangers ikke tok seg til NHL-sluttspillet for første gang siden 2010.

    Mats Zuccarello Aasen
    Foto: Elsa / Getty Images
  • Ancelotti blir Napoli-trener

    Carlo Ancelotti (58) har skrevet under en treårskontrakt som trener for serie A-klubben Napoli. Ancelotti fikk sparken i Bayern München sist høst. Han erstatter Maurizio Sarri som ledet Napoli til andreplass bak Juventus. Sarri skal være aktuell som ny trener i både Chelsea og Zenit St. Petersburg.

    SOCCER-ITALY-NAP/
    Foto: Charles Platiau / Reuters
  • Viviani med sin fjerde seier

    Elia Viviani tok sin fjerde etappeseier under Giro d'Italia onsdag. Han er dermed den første italieneren på fire år til å vinne fire etapper i én og samme utgave av Giro d'Italia.

    Alle sammenlagtfavorittene kom seg helskinnet til mål, og Simon Yates er fortsatt mannen som innehar den rosa ledertrøya etter den 17. etappen over 155 kilometer fra Riva del Garda til Iseo.

    CYCLING-ITA-GIRO
    Foto: LUK BENIES / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal