- Sjå super-G for menn på NRK2 kl. 18.30
– Aksel er den beste utfor og super-G-køyraren i verda, så sjansen er der, seier Dominik Paris, som vann det siste super-G-rennet før VM.
– Så lenge han føler seg sjølvsikker nok til å starte er han medaljekandidat. Han ville ikkje køyrt om han ikkje hadde følt at han hadde ein god sjanse til å komme på pallen, seier regjerande VM-vinnar i super-G, Ted Ligety.
Det var med arenens største glis at Aksel Lund Svindal tok av seg skia og møtte støtteapparatet i målområdet etter utforgjennomkøyringa i går.
– Han har nok ein del fart i reserve
Etter ein samtale med fysio Lars Mæland og manuellterapeut Trond Reginiussen snudde han seg mot filmteamet som har fulgt han sidan han skada akillesen i oktober i fjor og ropte:
– Eg må nesten bare køyre rennet!
På resultatlista var han nummer 11, over sekundet bak bestemann Kjetil Jansrud, som trass avstanden er optimist før Lund Svindals comebackrenn.
– Han viser at han heng med sjølv om det er litt avstand til toppen. Han har nok ein del fart i reserve kjenner eg han rett. Han er og blir ein medaljekandidat, seier gullfavoritten.
Ligety: – Vanskeleg løype
Lund Svindal var raskast på toppen av «Birds of Prey»-løypa, men tapte ein del tid midtvegs.
Ikkje overraskande, meiner amerikanske Ligety.
– Det er veldig imponerande at han gjør det så bra her. Dette er ei veldig vanskeleg løype å gjøre comeback i, seier den regjerande VM-vinnaren.
– Vi har så mykje respekt for han. Han er fyren folk må sjå opp for sjølv om han har vore ute i eit år, legg Ligety til.
– Større sjanse i utfor
NRKs alpinekspert Kjetil André Aamodt utelukkar ikkje at Lund Svindal kan overraske med pallplass i super-G, men held 32-åringen som ein større favoritt i utforrrennet, som kjem seinare i veka.
– I og med at han har trena så lite er sjansane størst i utfor. Han får eit lågt startnummer i super-G. Det kan vere ein fordel for han, men super-G er vanskelegare i og med at det er meir teknisk enn utfor.
– Men alt er mogleg. Han er ein vanvittig mann, seier Aamodt.
Sjølv er Lund Svindal klar på at han køyrer for medalje.
– Eg har ein viss sjanse og har ingenting å tape, seier comeback-kongen med eit lurt smil.