– Mange som reiser til EM i Berlin er i utgangspunktet ikkje rekna i medaljekampen. Men dei ønskjer seg dit, og vegen blir tyngre utan støtte, seier Marius Vedvik til NRK.
Han er ikkje ute etter å kritisere forbundet, berre å vise korleis stoda er.
– Det er eit val forbundet tek. Og det skjer mykje positivt i norsk friidrett for tida, seier han.
Men i ein tweet tysdag peika han på at mindre enn halvparten av EM-deltakarane får støtte av forbundet. Dei andre får ikkje det, utover reise og opphald.
Onsdag sletta han tweetane. Torsdag la han ut to nye der han forklarte han kvifor:
I dag må halvparten utøvarane elles klare seg med det dei får av klubb og private sponsorar.
Langsiktig toppgruppe
Sportssjef Håvard Tjørhom i friidrettsforbundet seier at det Vedvik skriv, er delvis rett. I 2016 tok forbundet ut eit lag med langsiktig perspektiv, nemleg sjanse til medaljar eller finale i OL i 2020.
Han strekar under at EM-troppen enno ikkje er teken ut. Det skjer 31. juli. EM opnar 6. august.
– Av dei 26 som til no har greidd EM-kravet, er 14 under litt ulike kontraktar med forbundet. Det er trenarar og utøvarar som jobbar langsiktig og veldig godt. Den satsingsgruppa må og skal vere spissa. No to år etter står det laget seg framleis godt ut frå resultata, seier Tjørhom.
– Så håpar vi at resultata for dei beste blir gode nok til å skape eit dragsug som genererer interesse og sponsorar lokalt.
Vedvik skal sjølv vere med i EM, etter at han greidde kravet på 10.000 meter tidlegare i sesongen.
– Eg er blant dei som har god nok støtte til å greie meg godt, seier den 26 år gamle Gular-løparen. – Men det er fleire som ikkje har det, då hadde det hjelpt med litt frå forbundet. Utan hjelp kan det gå ut over rekrutteringa.
– Spissinga har gitt resultat
– Eg skulle nok ønskje at forbundet litt oftare hadde spurt om korleis treninga går og om det er noko dei kan bidra med. Samstundes forstår eg at dei vil bruke mest mogeleg energi på dei beste, dei som kan ta medaljar. Det er ei spissing som vi ser har gitt gode resultat, seier Vedvik.
– Det Marius ikkje har heilt rett i, er at vi ikkje spør korleis det går med treninga. Dei som ikkje er under kontrakt, prøver vi på ulike måtar å legge til rette for – anten det er støtte til samlingar inn mot EM, eller å ha med seg trenarar til EM, seier Tjørhom.
– Men det vil nok også i framtida vere klubben som er grunnlaget for satsinga. Eg ser ikkje det som truleg at forbundet kan bidra økonomisk til alle dei som skal til eit EM.