– Eg var veldig spent. Det kribla i magen, seier Grimsbø til NRK. Då har ho nettopp fått vite at ho er ein av to målvakter i VM-troppen.
Györ-målvakta blei operert i kneet i sommar, og har jobba hardt for å kome tilbake. Det har ho greidd, og har spela godt for klubben i meisterligaen i haust. Seinast måndag då det blei 25–23 over Rostov og avansement i turneringa.
Men ho var likevel ikkje sikker på å bli tatt ut i konkurranse med Silje Solberg og Katrine Lunde.
– Eg prøvde å førebu meg på begge utfall. Eg hadde nok blitt skuffa om eg ikkje var med, for eg hadde veldig lyst til å vere med laget og jentene, seier Grimsbø. – Å spele eit meisterskap i desember er stort.
I går sa NRKs ekspert Geir Oustorp at han trudde Grimsbø ikkje hadde nok kamptrening, og derfor kom til å tape kampen mot dei to andre. Men slik gjekk det ikkje.
– Kneet fungerer fint
– Ho er frisk og trenar for fullt og er med på alt. Derfor var det ingen tvil, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson.
– Eg kjenner meg heilt fri for smerter, og kneet fungerer fint. Forma er stigande, og eg er tilbake for fullt, seier Grimsbø.
– Det var den beskjeden eg fekk i telefonen måndag kveld; at eg er tilbake på gammalt nivå og at eg kan vere med på å bidra.
Ho fortel at ho etter operasjonen aldri fekk noko estimat om kor lang rehabiliteringsperioden skulle vere.
– Eg visste ikkje kva eg hadde framfor meg. Eg måtte berre jobbe så raskt og riktig som mogeleg for å gjere den perioden så kort som råd.
– Korleis har presset vore i lys av at det har vore så hard konkurranse om VM-plassane?
– Det har eg prøvd å tenkje så lite som mogeleg på.