Hopp til innhold

– Eit siste forsøk på å stanse eit arrangement dei alltid har vore imot

Tidlegare byråd Hallstein Bjercke meiner skiforbundets avtale-kansellering er eit forsøk på å stanse X Games. Det avviser skipresidenten på det sterkaste.

Kultur- og næringsbyråd i Oslo, Hallstein Bjercke, lysere

PROKURATORGREP: – Spel og spetakkel, seier tidlegare byråd Hallstein Bjercke om at skiforbundet bryt avtalen med X Games

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

– Eg har ei kjensle av at det vi ser no, er eit siste forsøk frå Erik Røste (skipresident) og Inge Andersen (generalsekretær i NIF) på å stanse eit arrangement dei har vore imot heile tida, seier tidlegare byråd Hallstein Bjercke.

Han reagerer på at Skiforbundet har trekt seg frå avtalen.

– Dei ønskjer kontroll over dette arrangementet. X Games utfordrar heile modellen med at Norges Idrettsforbund skal ha kontroll over idrettsarrangement på norsk jord. No skyv dei dopingarbeidet framfor seg, og det overraskar meg ikkje, seier Bjercke.

Skipresident Røste meiner på si side at Bjercke ikkje held seg til kva debatten dreiar seg om.

– No må Hallstein Bjercke slutte å gjøre det til mitt problem at han vil bryte WADA-reglane, seier Røste.

Løyvde 42 mill kr

29. mars i fjor løyvde bystyret i Oslo 42 millionar kroner til X Games, og la til grunn samarbeidsavtalen mellom Norges Skiforbund, Norges Snowboardforbund og TV 2 om gjennomføring av X Games i år.

Men X Games tillet ikkje dopingkontrollar under konkurransane. Dette fekk Skiforbundet til å trekke seg frå avtalen i går.

– Vi er positive til X Games, men det betyr ikkje at vi kan akseptere at det ikkje er samme standarden på dopingarbeidet som på alle andre arrangement, seier Røste.

– Eg aksepterer det ikkje. NIF aksepterer det ikkje. Men det gjør Hallstein Bjercke. Eg er sikker på at når han får tenkt seg om så forstår han at det ikkje kan vere forskjell frå arrangement til arrangement, seier skipresidenten.

– Mange i NSF har bidratt sportsleg og organisatorisk for at X-Games i Oslo skal bli ein suksess. Avtalen som no er heva inneheldt mange punkter som viser dette. Skiforbundet har for eksempel bidratt i sportsgruppa til arrangementet og vore delaktig i at det er arrangert kvalifiseringskonkurransar.

– Spel og spetakkel

– Så kjem Røste og Andersen med eit «prokurator-grep» om korleis arrangementet skal vere. Eg oppfattar dette som spel og spetakkel frå deira side, seier Bjercke.

– Det får stå for Bjerckes rekning, seier Inge Andersen til NRK.

Oslo IOC

DOPINGFRITT: - Vi har eit ansvar for å jobbe for dopingfri idrett. seier Inge Andersen

Foto: Jean-Christophe Bott / Ap

– Vi er positive til å ha store idrettsarrangement i Norge. Men vi har eit ansvar for å jobbe for ein dopingfri idrett og å verne dei reine utøvarane. Det er svært godt kjent at vi følgjer dei internasjonale antidopingreglane. Det skulle berre mangle at vi ikkje skulle følgje det i store idrettsarrangement i Norge, seier Andersen.

Han seier at det er skiforbundet, ikkje idrettsforbundet, som har vore part i saka, og som no har valt å seie opp avtalen.

– Det har dei gjort fordi dei andre samarbeidspartnarane ikkje har klart å tilfredsstille kravet om dopingkontrollar. Eg kan ikkje forstå at nokon meiner det er unormalt.

Han legg til at dette er noko Antidoping Norge gjorde klart for X Games for lenge sidan.

– Har du på noko tidspunkt motarbeidd X Games?

– Våre særforbund har vore positive til å bistå for å få gjennomført eit trygt og godt X Games. Det har vore vår rolle i dette, seier Inge Andersen.

– Dopingkontrollar som i Aspen

Winter X Games

X GAMES I ASPEN: Dopingkontrollane blir like gode som i Aspen, dit Norge har sendt utøvarar i mange år, meiner Hallstein Bjercke

Foto: Liz Copan / Ap

Bjercke seier at det blir dopingkontrollar som vanleg.

– Kontrollane blir utført på same måte som til dømes X Games i Aspen, dit Norges Idrettsforbund har sendt deltakarar i 15-20 år, som under snøbrett-VM i Oslo for nokre år sidan, og under Arctic Challenge.

– Arrangementet burde aldri fått pengar frå kommunen, seier leiar Anders Solheim i Antidoping Norge til NRK.

X Games opnar onsdag.

X Games

X-GAMES I OSLO: Her skal X Games opne onsdag

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Siste nytt

  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters
  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal