NRK Meny
Normal

– Andre blir jo forbanna over at han ikkje blir forbanna

BERGEN (NRK.no): Brann kolllapsar og får kniven trykka knallhardt mot strupen, men trenar Rikard Norling framstår fatta og «lugn». – For snilt, for sakleg og provoserande for andre, meiner fotballekspertane Lise Klaveness og Ole Martin Årst.

Norling

PÅ VEG MOT STUPET: Rikard Norling måtte nok ein gang forklare seg for fansen etter tap i serieinnspurten.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

«Nå er det vel på tide å se Norling forbanna!!!!Kan fint bruke det kortet nå. Andre blir jo forbanna over at han ikke blir forbanna....» skriv TV2-fotballekspert og tidlegare eliteseriespelar Ole Martin Årst på Twitter.

Etter at Brann tok eit nytt sjumilssteg mot førstedivisjon med tap for Sarpsborg 08 framstod Norling skuffa, men ikkje forbanna. Dette var kampen mange meinte at Brann måtte vinne, men raudtrøyene kollapsa igjen.

At Norling ikkje kokte over etter nok eit nederlag forundrar også NRKs ekspert Lise Klaveness, som meiner trenaren burde tatt opp hansken og servert eit godt, gamalt verbalt klask etter nedturen.

Les videre under kampsammendraget.

Sarpsborg 08 vant 2-1 over Brann.

– Det manglar fyr i teltet. Han har evna til å verkeleg erkjenne feil og vere audmjuk, men han klarar ikkje å snu det til forbanning. Det kunne vore veldig nyttig. Det evnar han ikkje å generere. Eg seier ikkje at det gjør han til ein dårleg trenar, men akkurat no er det bare tamt, seier Klaveness.

– Ein trenar skal få lov til å kjefte ein eller to gangar i året, men her blir det for seint for Branns del. Tordentalen skulle ha komme for lenge sidan, trur Arne Sandstø, som har trena den tidlegare bergensklubben Løv-Ham.

– No handlar det om å samle positiv energi. Slik sett er det beundringsverdig at han beskyttar spelarane, seier Sandstø.

Intervju med Rikard Norling etter Branns tap for Sarpsborg 08.

– Burde sett spaden mykje hardare i jorda

Norling følte nok ein gang at Brann skulle ha vunne kampen, men nok ein gang blei det tap.

– Vi gjør så godt vi kan. Eg føler vi skulle ha vunne denne. Det fortente vi, synst eg, seier Brann-treneren, som ikkje ønsket å si kva han diskuterte med supporterane etter kamp.

– Det får bli mellom oss.

Norling har til dels blitt hylla for sin rolege framtoning etter nederlag, men å gjenta den same melodien gang på gang kan påverke miljøet i negativ forstand, trur Klaveness.

– Ser ein på intervjua er han bunden i den saklege rolla. Det manglar energi. I fotballen må ein øve på mykje for å bli god, men i slike situasjonar er det også viktig med aggresjon.

Kollaps

KOLLAPS: Årets Brann-utgåve er tidenes dårlegaste Brann-lag på heimebane.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Han (Norling) burde sett spaden mykje hardare i jorda. Dette blir for snilt, seier Klaveness.

Tidenes dårlegaste Brann-lag på heimebane

Det er ingen tvil om at Branns elleve mann har vore alt for snille på heimebane denne sesongen.

2-1-tapet mot Sarpsborg var det tiande heimetapet for raudtrøyene. Aldri før har bergensarane tapt like mange heimekampar i løpet av ein sesong.

Det næraste er førre gang Brann var i ferd med å rykka ned. I 2002-sesongen hamna Brann på kvalifiseringsplass med ni tap på Brann stadion.

Sidan det den gangen var 14 lag i eliteserien kan det vera greit på sjå på snittet:

  • 2002: 0,76 poeng på heimebane.
  • 2014: 0,71 poeng på heimebane.

Med siger i siste heimekamp mot Sogndal i vil poengsnittet vera knapt betre enn i 2002. Men i antall kampar har Brann altså aldri tapt fleire heime.

Oppfordrar styreleiar Barmen til å kjefte

Sandstø trur styreleiar Rolf Barmen kan få Brann-spelarane til å innsjå alvoret, og ikkje bare snu den vonde heimetrenden, men snu skuta til sikker plass i eliteserien.

– Han må ned i garderoben og bruse med fjørne. Dei har måtta kvitta seg med tilsette i klubben under krisa. I tillegg må dei skjønne at det er dramatisk for Brann å rykke ned. Det kan vere på sin plass at han synleggjør alvoret, seier Sandstø.

Problemet med Brann-spelarane er at dei ikkje fungerer som eit kollektiv. Dei går ikkje kollektivt i angrep og dei spring ikkje heim igjen som eit kollektiv.

– Men får dei ikkje beskjed om å gjøre slikt?

– Det veit eg ingenting om, men i dag ser det ikkje ut som om dei har fått den beskjeden. Det blir overgang kvar gang nokon mistar ballen i angrep. Då ber ein om trøbbel, seier Sandstø.

Styreleder i Brann, Rolf Barmen, kommenterer Branns tap for Sarpsborg 08.

Fryktar slaget er tapt

Klaveness fryktar at slaget er tapt for Brann, som no skal møte Bodø/Glimt, Sogndal og Haugesund på tampen av sesongen.

– Brann kan vinne dei tre siste kampane. Brann kan vinne i Bodø, slå Sogndal og gjøre dette sjølv. Det er håp, men det var noko med tidspunktet for tapet i dag som passa dårleg. Eg har ikkje nokon god kjensle for at dette skal gå, seier Klaveness.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • – Emery blir ny Arsenal-trener

    Tidligere PSG-trener Unai Emery kommer til å bli presentert som ny Arsenal-trener, skriver blant andre BBC. Mikel Arteta har vært favoritt til å erstatte Arsène Wenger, men nå skal Arsenal ha ombestemt seg i siste liten. Emery kan bli vist frem som klubbens nye trener innen uken er omme, skriver BBC.

    FBL-FRA-LIGUE1-CAEN-PSG
    Foto: CHARLY TRIBALLEAU / AFP
  • Børufsen ordnet kjærkommen seier

    Start gikk aggressivt ut og fikk raskt uttelling mot Bodø/Glimt. Espen Børufsens tidlige scoring holdt til 1-0-seier i lagets første kamp uten Mark Dempsey, som fikk sparken som Start-trener tidligere i uken.

  • Tromsø snudde VIF-trenden

    Tromsø har slitt mot Vålerenga siden 2012, men søndag klaffet det endelig for «gutan». Simo Valakaris mannskap banket VIF med 3-0 på Alfheim. Antonsen, Wangberg og Berntsen skåret målele for Tromsø.

Sendeplan

Kl. Program Kanal