NRK Meny
Normal

– For oss er ikkje sjakk ein idrett

Olympisk meister og idrettshistorikar vil ikkje samanlikne Magnus Carlsen si sjakkbragd med andre norske idrettsprestasjonar.

Magnus Carlsen, Per Jorsett og Vebjørn Rodal

IDRETT? Per Jorsett (oppe til høgre) og Vebjørn Rodal meiner at sjakk ikkje er idrett. Til venstre ser du Magnus Carlsen.

Foto: Scanpix - NRK

– Det skal vel mykje til for å få belastingsskader i sjakk og ikkje får du strekk i låret heller. For meg er sjakk kanskje meir spel enn ein idrett, seier Vebjørn Rodal til NRK.no.

Vebjørn Rodal

OL-GULL: Vebjørn Rodal, som her tek OL-gull på 800 meter, meiner at sjakk ikkje er idrett. Han har likevel stor respekt for prestasjonen til Magnus Carlsen.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Rodal sitt OL-gull på 800 meter i Atlanta i 1996, blir ofte trekt fram som ein av dei største prestasjonane i norsk idrett nokonsinne.

– Det er eit brettspel

Idrettshistorikar og forfattar Per Jorsett (92) vil ikkje samanlikne 800 meteren med Magnus Carlsen sin prestasjon. Men han understrekar likevel at sjakkspelaren si bragd er ein vanvittig prestasjon.

– Det er enormt, men eg klarer ikkje å blande sjakk med idrett. Det har jo ikkje noko med fysikk å gjere, det er eit brettspel, seier Jorsett.

– Kan ikkje mental anstrengelse vere like krevjande som den fysiske?

– Det kan sjølvsagt vere. Eg kan ikkje gi noko god forklaring, men det er rett og slett ikkje idrett i mine auge, seier Jorsett.

Difor klarar han heller ikkje å plassere sjakk-kongen blant norgeshistoriens største idrettsprestasjonar.

– Han fell automatisk utanfor den lista, og ein kan overhodet ikkje samanlikne han med Vebjørn Rodal. Eg veit ikkje kva idrettsgrein eg kunne ha samanlikna han med, seier 92-åringen.

Magnus Carlsen

BEST: Magnus Carlsen (22) partiet mot Gawain Jones (t.h.) under den pågåande sjakkturneringen London Chess Classic. Carlsen er no historiens beste sjakkspelar. Med ei rating på 2857,4 poeng har han passert Garry Kasparovs rekord frå 1999.

Foto: RAY MORRIS-HILL / NTB scanpix

Delte meiningar også i sjakken

Tysdag vart Magnus Carlsen historisk då han oppnådde ei rating på 2857,4. Nordmannen passerte sjakklegenda Garry Kasparov sin rekord frå 1999.

– Det er så gøy når slikt skjer. Vanlegvis har vi det ganske roleg i Sjakkforbundet, men i dag har det blitt mange telefonar. Vi er kjempeglade når han gjer ein slik prestasjon, seier generalsekretær i Sjakkforbundet, Liv Mette Harboe til NRK.no.

Manageren til Carlsen samanlikna han med verdas raskaste mann Usain Bolt. Generalsekretæren er meir forsiktig.

– Det er alltid vanskeleg å samanlikne to så forskjellige ting. Men i sjakkverda er dette berre veldig stort, seier Harboe.

Generalsekretæren i Sjakkforbundet seier at det er ueinigheit til og med i sjakkmiljøet om sjakk kan reknast som ein idrett.

– Det er delte meiningar om sjakk er idrett, også innad i sjakken. I mange andre land er sjakk medlem av idrettsforbundet og den olympiske komité. NTG i Bærum har også eiga sjakklinje, seier Harboe.

– Magnus Carlsen har sagt at han ser på seg sjølv som ein idrettsutøvar, seier ho.

– Betyr mykje

Vebjørn Rodal understrekar at han har stor respekt for Magnus Carlsen.

– Generelt er eg imponert over folk som presterer over lang tid, og det har Magnus vist at han gjer, seier Rodal.

– Kva kan du om sjakk sjølv?

– Fint lite. Eg kan trekka og korleis dei ulike brikkene skal flyttast. Men der stoppar det. Eg trur ikkje eg har analytiske evner til å tenkje eitt, to eller tre trekk fram i tid, ler han.

Liv Mette Harboe i Sjakkforbundet trur Magnus Carlsen si bragd betyr mykje for norsk sjakk.

– Det betyr meir merksemd. Fleire får augene opp for kva idrett det er, eller konkurransesport. Folk ser at dette ikkje berre er ein koseleg ting du kan gjere heime, seier ho.

Carlsen vert hylla

22 år gamle Magnus Carlsen har blitt hylla etter prestasjonen. På Twitter kryr det av gratulasjonar. Statsminister Jens Stoltenberg er blant personane som har kasta seg på:

«Gratulerer Magnus Carlsen. En imponerende prestasjon"», skriv statsministeren.

«Gratulerer @MagnusCarlsen ! Utrolig prestasjon som 22-åring fra et så lite land å være verdenshistoriens beste utøver i en så stor sport!!», skriv historikar og forfattar Hans Olav Lahlum.

«Gratulerer, Magnus Carlsen! Du imponerer!», skriv kulturminister Hadia Tajik på Twitter.

NRK.no har prøvd å få tak i Magnus Carlsen onsdag. Men manager Espen Agdestein skriv følgjande i ein SMS:

– Magnus vil ikkje snakke med pressa i dag. Han førebur seg til morgondagens runde, skriv han.

Siste nytt

  • Norsk siger i curling-EM

    Thomas Ulsruds lag slo Nederland 6-2 i sin tredje kamp i curling-EM i Sveits. Dermed har Norge to sigrar og eitt tap hittil.

    Måndag møter Norge både Slovakia og Italia.

  • Stiller for sin sjette periode

    Gian Franco Kasper (73) stiller til val som FIS-president for sin sjette periode neste år, melder insidethegames.biz. Kasper har leia FIS sidan 1998.

    Det internasjonale skiforbundet har berre hatt fire presidentar sidan opprettinga i 1924.

    Gian-Franco Kasper
    Foto: GEORG HOCHMUTH / AFP
  • Suzann Pettersen sprakk

    Suzann Pettersen var i delt ledelse før siste runde, men hang ikke med på rivalenes birdiefest, og falt til 11.-plass i LPGA-tourfinalen.

    Tutta kjempet om sin første seier på LPGA-touren på godt over to år, men to birdier var ikke godt nok. Hun måtte nøye seg med å gå sisterunden i Florida på par.

    Suzann Pettersen
    Foto: SAM GREENWOOD / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal