– Det hadde vore bra om vi hadde ein ti-kilometer med skøyting også, seier Therese Johaug til NRK.
Det er fire klassiske og fire skøyteetappar i årets Tour de Ski. Men dei klassiske distansane er vesentleg lengre.
– Det er litt dumt. Vi skal kåre den beste allroundaren så langt det let seg gjere. Då burde det også vore nokre lengre skøyterenn, seier Ragnhild Haga.
Landslagstrenar for kvinnene Egil Kristiansen er også samd i det: – Det burde nok vore fleire skøyterenn. I år har vi kanskje litt for mykje klassisk. Men på den andre sida må ein vere god i begge deler om ein skal vere med i toppen i internasjonalt langrenn, seier Kristiansen.
Snømangel endra programmet
Vegard Ulvang er leiar i langrennskomiteen i FIS. Han seier at det er fleire grunnar til at det er så mange lange klassiske etappar.
– Ei av årsakene er snømangelen her i Mellom-Europa. Det førte til at vi måtte endre programmet på kort varsel, seier han.
I Oberstdorf skulle det eigentleg vore skiathlon – det vil seie renn med både ein klassisk del og ein skøytedel. Men mildveret og snømangelen ved starten av touren tvinga fram endring av programmet.
– Skøyting krev breiare løyper, seier Ulvang.
Sundby: – Rettferdig
Dei fleste løparane NRK har snakka med under touren ønskjer meir skøyting. Men ikkje alle. Martin Johnsrud Sundby meiner det er greit med balanse mellom teknikkane.
– No blir det nokre fleire kilometer med klassisk. Men det er fire konkurransar i kvar stilart, og det er nokolunde rettferdig, seier Sundby.
– Programmet byggjer alltid på at det skal vere så tilnærma balanse som mogeleg mellom klassisk og skøyting. Heilt likt blir det aldri, men det skal vere så likt som mogeleg. Det er prinsippet i alt vårt arbeid med terminlistene, seier Vegard Ulvang.