– Enten kjem vi til å sjå ein Karjakin som denne gongen vil jage siger, eller vi får sjå ein Magnus som er ute etter ein grusom revansje. Det har han tidlegare vist etter eit rufsete parti, seier Torstein Bae.
Han er NRKs ekspert som skal kommentere partiet i kveld – det fjerde i VM-matchen. Dei tre første har enda med remis.
– Karjakin vil nok prøve å byggje på den sjølvtilliten han fekk ved å redde seg inn igjen då det såg som verst ut.
– Karjakin må vinne minst eitt kvitt-parti
Han trur begge spelarane er slitne når dei går laus på eit nytt parti, drygt 17 timar etter den nesten sju timar lange kraftprøva i natt.
– Han sa sjølv at det verste som kan skje, er å forsvare seg i sju timar for så å tape likevel. Det kom han seg så vidt unna i natt, og det kan han byggje på når han i dag spelar med kvitt, seier Bae.
– Eg trur han må vinne minst eitt av kvitt-partia. Han slit når han har svart, og kjem neppe til å kome unna med remis i alle sine svart-parti.
– Kan vi vente overraskingar frå Karjakin i kveld?
– Han har heilt sikkert planlagt opningar. Dersom han får planen sin til å fungere, og får spelet inn i sitt spor, kan han bli vanskeleg, seier Torstein Bae.
Dreg i tvil Karjakins mentale styrke
Sjakkjournalist Leontxo Gargia i den spanske storavisa El Pais trur det var Karjakin som fekk ein støkk i går, trass i at han redda i land ein remis.
– Før partiet i går trudde eg at Karjakin var sterk mentalt. No er eg i tvil om det. Eg trur ikkje han har sove godt i natt, fordi han var så nær eit tap. Han må ha mista ein del sjølvtillit.
– Derfor blir dagens parti der han har kvitt, eit nøkkelparti for han, seier Gargia til NRK.
Overraska
Bae let seg overraske av at Carlsen let sigeren gleppe i går.
– Det er akkurat denne spelemåten som har gjort Magnus til verdsmeister. Det er sjeldan byttet greier å stikke unna når han har fått kloa i det, seier Bae.
Bae er spent på om den russiske utfordraren vil opne like forsiktig som sist han spela med kvitt.
– Då verka det som han gjekk for remis. Han tok ingen sjansar.
– Magnus seier sjølv at det er verst for Karjakin. Men eg trur denne remisen gav Karjakin god sjølvtillit. For Magnus blei partiet skuffande. Hans andre kvite parti gav heller ikkje siger.